annonse

Heller flaum, enn flaumvern?

SKADAR FOR EIN HALV MILLIARD
SKADAR FOR EIN HALV MILLIARD: – Med skadar for oppunder 500 millionar under flaumen i 2014, kan ein berre førestilla seg kva framtida vil bringa, skriv Hans-Erik Ringkjøb. Minigolfen var ein av dei som fekk store skadar 28. oktober 2014. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Tradisjonen tru viser Frp- og Høgreregjeringa til at deira løyvingar til diverse samfunnsområde er høgare enn under dei raudgrøne si styring, slik er det òg når det gjeld flaum og ras. For å seia det slik, det skulle berre mangla.

For Voss kommune sin del var det avgjerande at løyvingane kom etter 2014, etter skade­flaumen. Slik må det bli, men det blir nærast som at regjeringa skryter av at det vart flaum og at det måtte ryddast opp i ettertid. Eg er ganske sikker på at forsikringsutbetalingane har vore rekordhøge dei same åra. Det uroar forsikringsselskapa, dei vil ha summen ned.

Og, då kjem me til kjernen av kva dette handlar om, nemleg korleis skal me over tid få ned utgiftene etter ras og flaum? Korleis skal me gjera det trygt å bu i eit land med stor fare for flaum og ras i ei tid der det blir meir nedbør og meir ekstremvêr? Korleis skal me på Voss tilpassa oss ein situasjon der me må legga til grunn 40 prosent meir nedbør i framtida?

Frå regjeringshald får me stadfesta at staten vil stilla opp på nytt om nye ras og flaumar kjem. Det er bra, det blir litt som at ein seier «Heller flaum, enn flaumvern». Problemet er at svaret ikkje er å springa etter problema og rydda opp, men gjera det som både er mest effektivt og mest samfunnsøkonomisk, å førebyggja. I ljos av at det er førebygging som må til, er regjeringa sin reduksjon på midlar til flaum- og skred­sikring vanskeleg å forstå. Eg går for motsett strategi, heller flaumvern, enn flaum!

På Voss, og i andre kommunar med tilsvarande utfordringar, veit me at det vil kosta. Effektiv­ og varig flaumdemping på Voss vil truleg kosta 1000 millionar. Svaret får me i løpet av det neste året, etter at NVE har gjort sine utgreiingar, men billeg vert det ikkje.

Den 28. oktober 2014 lærte me ei lekse me aldri kjem til å gløyma på Voss. Me lærte at skadeflaum i Vossavassdraget ikkje var eit problem som låg bak oss, men fraktisk eit problem som ligg framfor oss. Me trudde me hadde løyst problemet, men tok grundig feil. Med skadar for oppunder 500 millionar den gongen, kan ein berre førestilla seg kva framtida vil bringa. Den 10. oktober 2017 viste regjeringa at dei ikkje hadde lært si lekse!

Mi oppmoding er at sentrale styresmakter, med regjeringa i spissen, tek på alvor dei utfordringane me står framfor. Eit framlegg i den samanhengen er at staten byggjer opp eit klimafond som kan nyttast for å gjennomføra større klimatilpassingstiltak som kommunane kvar for seg aldri vil kunne gjennomføra. I så fall må løyvingane aukast, ikkje reduserast.

I denne saka vert det aldri godt nok å vera litt betre enn forgjengaren sin!

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Voss kommune

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.