annonse

«Hordaland» og naturvern

SVARTAVATNET
SVARTAVATNET: Ole Kristian Skorve er svært kritisk til at vatnet frå Svartavatnet (biletet) skal førast inn i Torfinnsvatnet. Samtidig meiner han Hordaland bør vurdera om avisa har gjeve ei balansert framstilling av denne saka. (Foto: Arkiv)

Avisa skriv på 1. sida 20.03.18 med feite bokstavar: «Overføring av to vatn gjev straum til 775 hus». Med denne overskrifta velsignar avisa to prosjekt, som det har vore fleire sterke innvendingar mot.

Mange naturinteresserte, lag og organisasjonar har peika på viktige naturverdiar som vert berørt. Sjølv NVE har omtalt desse i si saksframstilling.

Mine spørsmål / kommentarar til avisa:

1. Overskrifta.

Kvar er dei 775 husa som no skal få straum? Er dei på Voss ... eller i England? Kanskje det siste, sidan Noreg no skal verta Europas nye grøne lommelyktbatteri? Avisa kunne gjerne ha laga ei meir nøytral overskrift.

2. Innhald i omtalen.

Avisa skriv at Krokatjørnet i dag renn mot Kvålsdalen, og via Møyåni ut i Hamlagrøvatnet. Det gjer det ikkje, det er Svartavatnet som renn slik.

Krokatjørnet ligg på nord-aust-sida av Torfinnsosen, utanfor kartutsnittet i avisa. Utløpet i dag er til Kluftatjørni og vatnet er ført vidare ned til Hamlagrøvatnet. – Kartutsnittet syner ei raud og ei blå pil, og i teksten under, er dei to prosjekta omtala. Vanskeleg å forstå når Krokatjørnet ikkje ein gong er med på utsnittet.

I omtalen er det berre teke med synspunkta til kraft-interessene. Med sitat frå sjølvaste energiministeren, som sjølvsagt er nøgd med at endå fleire småbekkar kan nyttast til straum.

I saksdokumenta ligg alla innspela vedr. natur og verneverdiar som er komne inn i desse prosjekta. Desse har avisa full tilgang til, dersom dei ville gitt ei balansert framstilling. Men vernesynspunkta har avisa ikkje synt interesse for i det heile.

I alle tiltak som medfører naturinngrep, så er det alltid frivillig innsats frå privatpersonar og lag, som på fritida må kjempa for naturverdiane. Utbyggjarane er alltid profesjonelle og sterke næringsinteresser, der personar i løna stillingar berre «gjer jobben sin».

Desse to småprosjekta føyer seg inn i ei lang rekkje av tilsvarande tilfelle, der småelvar skal førast inn i eksisterande anlegg. For kraftforsyninga i Europa er dette nesten ikkje målbart. Men det er inngrep i verneverdig og svært sårbar natur som er prisen å betala.

Sjølvaste Fylkesmannen også var faktisk imot desse inngrepa. Og i ein nyleg uttale seier han at det no er nok av vasskraftutbygging i landet. 70 prosent av vassdraga våre er råka til no. Ei utbygging av resten vil vera i konflikt og til stor belasting for natur og friluftsliv.

Avisa «Hordaland» kunne kanskje vurdera om dei har gjeve ei balansert framstilling av denne saka?

Ole Kr. Skorve

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.