FLEIRE OVER VIDDA: - Riksveg 7 over Hardangervidda er på god veg til å gå forbi Rv 52 Hemsedal i trafikk, skriv Jan Kjetil Vikane. Han tek til orde for eit anna alternativ enn Hordalandsdiagonalen som har vorte lansert mellom Odda og Bergen. ARKIVFOTO: SIGRID SEIM

Hordalandsdiagonal via Rv 13 og E16

Hordalansdiagonalen via Riksveg 13 Odda-Bu og E16 Voss-Bergen er alternativ 2 som ingen snakkar om?

Publisert 16.02.2017 kl. 19.57.

Alternativ 2 vil òg truleg ha høg samfunnsøkonomisk verdi sidan den går via Voss! Voss er det store knutepunktet og lokomotivet i indre strøk av Hordaland.

Med fire nye tunnellar mellom Odda og Bu: Stana-Skjeldås, Sekse-Deildo, Ernes-Kinsarvk og Ringøy-Bjotveit og utnytting av tunellmassar, så vil ein få gul stripe Odda-Bu. Med dei planane som ligg føre for E16 Bergen-Voss (som ligg godt an i løypa) vil ein kunne få ei køyretid med personbil Odda-Bergen på 1 time og 50 minutt!

E16 Bergen-Voss og E39 Kyststamvegen ligg truleg ferdig mange år før ein Hordalandsdiagonal. Når ein ser på Statens­ vegvesen sine trafikktal på Rv 13 for Hovland i 2015 -1231 ådt (årsdøgnstrafikk) og i 2016 -1148, så skuldast nedgangen all stenginga i Deildo. Folgefonntunnelen som er inngangen til Hordalandsdiagonalen har ådt i 2015 på 1103, og ådt 2016 på 1204.

Jondalstunnellen har ein ådt i 2015 på 488, og ådt i 2016 på 541.

Hardangerbrua har ådt i 2015 på 1721, og ådt i 2016 på 1811!

For Rv 13 kan ein lett få midlar til bygging av ny veg. Det er nasjonal­ turistveg, rassikringsmidlar å henta, og ved ei eventuell kommunesamanslåing mellom Ullensvang og Odda, kan det vera meir å få.


Med opprusta Rv 13 har ein òg ein kjempebra tilførselsveg til Rv 7 Hardangervidda! Det er ingen hemmelegheit at det er fleire transportfirma frå Rogaland som bruker Rv 7 Hardangervidda når dei skal til Mjøsområdet og lenger nordover. Mjøsområdet er kjerneområdet for byggevareindustrien, mat­vareindustrien og noko ferdigvareindustri i Noreg.

Ein kan òg stilla seg ein del spørsmål ved Statens vegvesen si anbefaling av Rv 52 over Hemse­dal. Når ein samtidig tilrår at Rv 15 Strynefjell skal utbetrast med lang og vintersikker tunnell, då er i realiteten trafikken frå Nordfjord og Sunnmøre vekke frå Rv 52 Hemsedal! Det er rapportar som Vegvesenet sjølv har bestilt som meiner at Rv 7 Hardangervidda er beste løysinga.

Det er eit stort spørsmålsteikn at dei rapportane som samferdselsdepartementet bestiller går for Rv 52 Hemsedal, når fleire fagrapportar går for Rv 7 Hardangervidda! Det er ei sanning med modifikasjoner at Norges Lastebilforbund går for Rv 52 Hemsedal. Det er fleire medlemer som vil ha Rv 7 Hardangervidda som alternativ 2.


E134 Haukeli må vera ein av stamvegane aust-vest for den gagnar heile Sørlandet og Grenlandsområdet, heile Hordaland og Rogaland. Rogaland og Horda­land har til saman 1 million innbyggarar, medan Sogn og Fjordane har 110.000 inn­byggjarar.

Rv 7 Hardangervidda er på god veg til å gå forbi Rv 52 Hemsedal i trafikk. E16 over Filefjell er tungtransporten sin favorittveg til Mjøsområdet og Trondheim frå Bergen E16 er også nesten vintersikker, og det er investert mange milliardar på vegen.

Rv 7 Hardangervidda er næraste­ veg til Fv 40 Numedal. Det er den kortaste vegen til Kongsberg, Drammen og Vestfold frå Bergen og kortaste veg for Hardanger, Sunnhordaland og heile Rogaland til Mjøsområdet og nordover. Hønefoss er også eit viktg knutepunkt der Rv 7 sluttar/startar. Der deler vegen seg mot Gardermoen, Kongsvinger, svenskegrensa og Stockholm.

No ser ein også at tala for årsdøgertrafikk går ned på E16 File­fjell, ådt i 2015 på 1070, ådt i 2016 på 923, Rv 52 Hemsedal ådt 2015 - 1280 ådt 2016 - 1276 og Fv 50 Hol Aurland ådt 2015 - 298, og ådt 2016 - 291.


Men trafikken aukar på Rv 7 Hardangervidda med ådt 2015 på 1087, ådt 2016 - 1151. Og Rv 15 Strynefjell ådt 2015 - 869, ådt 2016 - 904. Ein ser også at ådt-tala aukar ved dei neste målepunkta, Rv 7 Flå har ådt i 2015 på 4588, og ådt i 2016 på 4860. Fv 40 Veggeli i Numedal har ådt 2015 - 2377, og ådt 2016 - 2439.

Med opprusta ny veg Rv 13 Kløve frå E134 til Bu Hardangerbrua og Hardangerviddatunnelen, vert det ingen omveg for dei som skal til Vestfold og resten av Austlandet. På Geilo startar Fv 40 Numedal for dei som køyrer E 134 austover når E134 er stengt.

Det vert det same for dei som skal til Mjøsområdet eller lengre­ nordover som Trondheim frå Bergen og Voss når E16 er stengt.

Hyttevegen E134 Haukeli?

Tala for årsdøgertrafikk på E134 går opp, med ådt 2015 på 1475, og ådt 2016 på 1597, men tala ved dei neste målepunkta går ned. E134 ved Seljord har ådt 2015 - 3864, og ådt 2016 - 3803. Rv 9 Bygland mot Sørlandet ådt 2015 - 1673, og ådt 2016 - 1628. Det er store, nye hyttefelt i Vågslid, Hovden og Rauland, så det forklarer nok litt!