annonse

Identitet, sjølvbilete og eigenverd – ein livslang prosess

FORVENTNINGAR FRÅ SAMFUNNET
FORVENTNINGAR FRÅ SAMFUNNET: – A4-ramma er trong, veldig trong, meiner Vigdis Grimsdottir Nielsen, styremedlem i Norges Handikapforbunds Ungdom. (Foto: Privat)

Me har alle eit opphav, ein familie, ulike livspreferansar og ei tru. Me er alle vakre individ og det i kraft av å vera eit unikt menneske.

Me har alle ei historie, ein draum, ei drivkraft og me har alle eit genuint ynskje om å få lov til å realisera oss sjølve. Oppleva kjærleiken, få ei utdanning og ein jobb som ein trivst med, samstundes som me sjølvsagt ynskjer å føla oss vel med eigen kropp og sjel. Få venner som me kan dela stundene med.

Livet har mange fasar, epokar og dimensjonar. Og i løpet av eit langt liv, vil dei fleste av oss få gleda av å oppleva mange av dei.

Menneske kjem i alle slags variantar og former, men samstundes er me alle vakre. Skjønnheita har mange fasettar ... men dessverre er det «lett» å gløyma det. Fordi me altfor ofte blir presentert for fiktive normer og forventningar frå samfunnet. Ulike «glansbilete», som fortel oss korleis me skal sjå ut, korleis me skal oppføra oss, kva som er forventa av oss; og dette for at me skal kunne beherska genistreken, det er å «passa inn» eller «vera kul».

Det er eit evigvarande jag: korleis skal ein få dette til, når ein kanskje ikkje normativt, ikkje heilt A4? Ein blir kanskje paralysert av skrekk, frykt eller redsel? Men det er ingen som ynskjer å sitja passivt på «gjerdet» eller «frysa i kulda», det kan eg lova deg!

A4-ramma er trong, veldig trong, den rommar dessverre ikkje alltid det store mangfaldet i samfunnet. Dette er veldig sørgjeleg og det er eit stort paradoks.

Kven var som konstruerte dette innsnevra verkelegheitssynet? Korleis skal ein då læra seg å bli glad i seg sjølv? Korleis skal ein då læra å erkjenna seg sjølv; bli tilfreds meg eige individ og figur? Dette kan opplevast veldig krevjande. Spesielt for oss funkisar. Då me alt avvik frå den normative normalen, på det fysiske planet, på eit eller anna nivå.

Eg vil kalla meg sjølv for ei mangfaldig kvinne og eg er ein avvikar på mange frontar i livet. Men også ganske normal.

Eg har røter i to ulike land, Island og Noreg; eg er fødd i det eine og oppvaksen i det andre. Far min kjem frå det eine og mor mi frå det andre. Eg har vore funkis heile livet, samstundes som eg er oppvaksen ein plass der me hadde minimalt med materielle gode. Men masse genuin kjærleik.

Ein måtte fort læra seg disiplin og korleis ein skulle takla livets mange store og små utfordringar! Det er som kanskje var ei sjølvfølge for naboen, var ikkje ei sjølvfølge for meg.

Livets små og store materielle og sosiale bonusar var noko som eg fekk gleda av å tileigna meg, i ung vaksen alder. Livet har lært meg at ein må YTA, før ein kan NYTA! Dette gjeld alle menneske, men spesielt for oss funkisar.

Nokre gonger må ein gjera krav på sin rett, sjølv om omgjevnadene står og ristar på hovudet. Kva faen veit vel dei? Dei har ingen rett til å dømma. Me er alle ansvarlege for vår eiga lukke og ein må våga å hevda sin rett!

Eg er også eit menneske og er i min fulle rett, til å realisera mine ynskje og draumar.

Slik er det også på andre område i livet, eller rettare sagt på dei fleste område. Ein må evna å forma seg sjølv, erkjenna livets faktum og finna sine eigne styrkar.

Identitet er noko som fortel noko om eit menneske, men den er ikkje absolutt! Det er eit abstrakt faktum som vert forma gjennom livet, og eigenverd og sjølvbilete fylgjer deretter. Det er noko som vert skapt når ein rullar eller går, og det er det enkelte individ som sit i førarsetet.

Omgjevnadene skal vera til hjelp men ikkje til hinder, og nokre gonger må ein trø utanfor eiga konfortsone. Det er slik me lagar rom for endring! Det er mange ting ein ikkje kan velja her i livet, men alle er ansvarlege for å forma sitt eige liv og eigen person!

Kva er det som gjer deg lukkeleg? Kva ynskjer du å oppnå i livet? Korleis kan du nå eigne mål? Kven kan hjelpa deg? Kva må eg sjølv gjera?

Ein må kunna elska seg sjølv før ein kan elska andre, ein må hjelpa seg sjølv før ein kan hjelpa andre. Spørsmålet er korleis kan ein elska og hjelpa seg sjølv? Korleis kan ein som menneske erkjenna seg sjølv som eit fullkomme menneske?

Jau, ved å ha tru på seg sjølv og på livet. Ved å visa verda at me alle er perfekte og elskverdige, nettopp fordi me er oss sjølve; og fordi me evnar å ta ansvar for eiga realisering og livslukke.

Så kjære, vakre medmenneske, funkis eller ei: lev livet, by på deg sjølv, ta vare på dine medmenneske og hugs at du er fullkommen på alle måtar, også om du har nokre skavankar, litt ekstra bagasje i sekken, nokre arr i sjela eller om du er såkalla «A4-menneske»!

Livets opp- og nedturar, små og store faktum, er noko som alle må leva med. Eller sagt på ein annan måte:

Det er berre nokre erfaringar som ein har tileigna seg på livets landeveg! Og dei er nett som kjærleiken, livets STØRSTE gåve!

Vigdis G. Nielsen, likeperson og styremedlem i NHFU Sørvest

Nielsen er frå Bryne, men med morsslekt frå Ulvik

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.