annonse

Ingen master i stølsområde

HEIDER
HEIDER: «Folkeaksjonen mot master i Oppheimsdalen har på ein god og illustrerande måte vist kva skader og framtidige bindingar ei så stor kraftlinje skapar», skriv Ivar Husdal. (Foto: Sveinung Klyve)

Heider til «Folkeaksjonen mot master i Oppheimsdalen», som gjer folk merksame på verdien av våre gamle stølsområde.

Og dette utan at dei seier at deira stølsområde der er meir eller mindre verdifulle enn stølsområda på Øyaset, Ulvundstølen og Fossen.

Ein forstår at mange har følt seg overkøyrde av sakshandsaminga til Voss Energi, bygda og kommunen sitt eige kraftselskap. Og det mest alvorlege er at Voss Energi ikkje ynskjer offentleg synfaring på dei alternative traseane før at NVE tek si avgjerd. Mange av dei som har uttalt seg om linjetrasear, har sjølve ikkje vore på dei aktuelle stølane og vurdert forslaga der. Ei ny kraftlinje gjev interessekonfliktar, og med meir open sakshandsaming kunne mykje ha vore avklara for fleire år sidan.

No må me sjå framover. Myrkdalen treng ny kraftlinje snarast, for å sikra nok kapasitet dei neste 20 åra. Voss Energi seier i sin søknad at den nye lina skal driftast med låg spenning og kapasitet dei næraste åra, og så auka etter behov.

Eit grønt skifte er på gang, og med endra mønster i straumforbruk er det sannsynleg at det ikkje er behov for ei så stor kraftlinje dei neste 20 åra som den Voss Energi ynskjer å byggja. Staten har pålagt Voss Energi at dei innan neste år installerer nye straummålar i alle hus og hytter. Og med varierande timeprisar vil dette minske belastninga på kraftlinjene.

Den planlagde linje kan ikkje leggast i kabel. Ei linje med mindre spenning kan heilt eller delvis leggast i kabel og gi nok straum til Myrkdalen 20 år framover.

Folkeaksjonen mot master i Oppheimsdalen har på ein god og illustrerande måte vist kva skader og framtidige bindingar ei så stor kraftlinje skapar. Vurderingane er like allmennyttige for området frå Vinjahagen, forbi Øyaset og til Fossen.

Det er vanskelig å sette pris på natur og stølsområder. Ein peikepinn for kostnad og nytte er milliard-investeringane i Myrkdalen. Eit spørsmål til alle mellom Oppheim og Myrkdalen: Kor mykje skal ein gi bort no for at Myrkdalen skal ha ei kraftlinje med stor reservekapasitet i 2040.

Ut frå Kjønnarard og over Øyjordet et det planlagt store master. Dei må ein sleppe å sjå, og det er eit godt alternativ med ei mindre linje i kabel. Det beste for samfunnet, når ein tek omsyn til trivnad, arbeidsplassar og utvikling, er kabel på utsette stader fram til Myrkdalen.

Ein må berre minna om vedtak om at ny E16 skulle komme ut av tunnel på Sundsvoll. Folk på Oppheim fekk endra desse uheldige planane. Ja, det nyttar å vise kva uheldig planlegging kan medføre.

Ivar Husdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.