annonse

Innspel til jordbrukstingingane 2018

OGSÅ BONDEN TRENG INNTEKT
OGSÅ BONDEN TRENG INNTEKT: – Ulvik Bonde- og småbrukarlag forventar at politikarane held fast ved målsetjinga om inntektsutjamning, skriv Lars-Helge Ljone. Biletet er frå ei markering ved tinghuset på Voss. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Illustrasjon)

Når status for 2017 no skal gjerast opp, viser det seg at medan lønsmottakarar flest opplevde reallønsauke i året som gjekk, hadde bøndene nedgang i inntekta.

Vidare opplever me at det vert skapt forventningar om vidare reallønsauke for dei fleste lønsmottakarar. Ulvik Bonde- og småbrukarlag forventar at politikarane held fast ved målsetjinga om inntektsutjamning, og at dette skjer ved større kronetillegg enn gjennomsnittet, og at me slepp å høyra politikarpjatt om prosenttillegg.

Det er samstundes viktig å streka under at den auka lønsemda skal oppfyllast ved å gjennomføra ein landbrukspolitikk som tek omsyn til ei berekraftig utvikling.

Dette kan berre skje ved at norske ressursar i størst mogeleg grad er grunnlaget for norsk matproduksjon, og ikkje slik stoda er no med ein stadig auka kraftfôrimport. Dersom distriktslandbruket skal haldast oppe, kan me ikkje lata billeg kraftfor konkurrera ut norske ressursar som gras og beite. Verdien av å ta vare på kulturlandskapet må visa att i premiering av landbruk i vanskeleg terreng, bruk av beiteressursar, innhausting av grovfôr og høve til å få investeringsmidlar for små bruk. Norsk kornproduksjon må stimulerast. Vidare vil me ha tak på overføringane og fjerna botntrekket.

Når nye regionar no vert oppretta, vil det vera føremålstenleg å lata desse forvalta ein større del av overføringane til landbruket. På dette viset kan dei ulike regionane meisla ut ein landbrukspolitikk som tek utgangspunkt i dei ulike regionane sine særtrekk.

Overproduksjon av lam/sauekjøt er ei utfordring. Dette heng i stor grad saman med ein landbrukspolitikk som stimulerer kraftfôrimport, og nedprioriterer eigne ressursar. Det er likevel grunn til å sjå på om det gjeng an å koma fram til ei ordning der marknadsregulator vert premiert for å selja kjøt framfor å ha kjøt på lager. Her trengst ein dugnad som involverer marknadsregulator, kjedene, private slakteri og faglaga i landbruket.

For Ulvik Bonde- og småbrukarlag, Lars-Helge Ljone

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.