annonse

Ja til to timar gratis parkering

VANGEN
VANGEN: – Eg reiser på Vangen når eg må noko der, men stort sett vert det til å reisa på handelsstadene utanfor sentrum, skriv Asta-Marie Gjertsen. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Eg såg med stor glede i Horda­land på laurdag, i sitata på synspunktsidene, at det vert fokusert på to timar gratis parkering på Vangen.

Eg vil visa til Drøbak i Oslofjorden, ein tettstad som lag på storleik med Voss. Der innførte ein parkeringsavgift for ein del år sidan. Det vart også starta kjøpesenter nokre kilometer unna.

Resultatet vart at den vesle byen Drøbak døydde heilt. Ein såg berre butikkvindauge med svart papir på. Unntaket var Vinmonopolet, som eg trur redda Drøbak i denne perioden. Ein tok grep og starta med 2 timar gratis parkering. Det vart ein suksess, og handelen blomstra att. Det forandra heile staden.

Noko slikt trur eg vil skje på Voss også, om ein gjer det same her. Eg ser korleis mine eigne handlevanar endra seg etter innføringa av parkeringsavgift. Eg reiser på Vangen når eg må noko der, men stort sett vert det til å reisa på handelsstadene utanfor sentrum.

Asta-Marie Gjertsen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.