BRANNFAKKEL: Voss Natur og Ungdom kjem med klart signal til Hans-Erik Ringkjøb, leiar i Hordaland Arbeidarparti, før årsmøtet i dag. ARKIVFOTO: ROLF TEPSTAD

Kjære Hans-Erik, ikkje gris til matfatet vårt!

Kjære Hans-Erik, sei ja til eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

Publisert 18.03.2017 kl. 13.00. Oppdatert kl. 07.37.

Denne helga har du på Hordaland Ap sitt årsmøte, moglegheit til å stemme for ei berekraftig utvikling og ei miljøvenleg framtid for Noreg. Me i Voss Natur og Ungdom ynskjer å fremja at konsekvensane av oljeboring vil verta alvorlege.

No har du sjansen til å seia nei til det såkalla kompromissforslaget og redda både fisk og folk. Fisken som gyt utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er 40 millionar middagar for oss menneske. Her er det 6500 arbeidsplassar i fiskeri- og reielivsnæringa. Å opna opp for oljeboring i dette området vil skapa 400-1100 nye arbeidsplassar som vil true dei 6500 eksisterande.

Dersom du seier nei til programkomiteen sitt kompromissforslag, som ikkje er eit kompromiss, vil du bidra til å verna desse arbeidsplassane og eit av verda sine viktigaste havområde. Dette forslaget vil setja i gang ei konsekvensutgreiing, med andre ord, ein opningsprosess. Som ordførar for Voss og leiar for Hordaland Arbeidarparti har du ei viktig stemme på årsmøtet no til helga. Tenk langsiktig og ikkje gris til matfatet vår.


For Voss Natur og Ungdom