annonse

Kommentar frå Nibio til dyrking i Bømoen

BØMOEN
BØMOEN: – Som Trygve Refsdal påpeikar, er kanskje det viktigaste at vi tek vare på den jorda vi alt har dyrka opp. Vi håper at lokalkunnskap saman med eit godt kartgrunnlag legg til rette for ei samfunnstenleg avgjerd når det gjeld framtidig bruk av Bømoen, skriv Hege Ulfeng, rådgjevar hjå Norsk institutt for bioøkonomi. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Jorda på Bømoen har kvalitetar som gjer henne betre eigna for oppdyrking enn mykje av den dyrkbare jorda vi har elles i Noreg. Det er viktig å ha ein reserve av dyrkbare areal av omsyn til nasjonens matberedskap.

Takk for respons på innlegget vårt om Bømoen og norsk matberedskap. NIBIO forvaltar og formidlar eit omfattande kartgrunnlag over arealressursane i Noreg. På grunnlag av dette kan vi seia noko om mellom anna potensial for nydyrking av jord.

Enkeltområde kan skilja seg ut frå det store biletet, og det kan være eigenskapar som ikkje kjem fram. Derfor er det viktig å supplere kartgrunnlaget med lokal kunnskap slik Trygve Refsdal gjer i sin kommentar.

Eigenskapane til eit område kan fortona seg ganske forskjellig om ein vel å sjå på flyfoto eller nærbilete, men ulikskapane er kanskje ikkje så store som dei først kan synast. For oss var det viktig å få fram betydninga av å ta vare på dyrkbar jord i nasjonal samanheng.

Jordbruksarealet i Noreg er på litt over 10 millionar dekar. I tillegg har over 12 millionar dekar kvalitetar som gjer at det kan dyrkast opp, ny-dyrkast, men dei beste areala er alt dyrka.

1. Over sytti prosent av den dyrkbare jorda i Noreg ligg i dei tre dårlegaste av seks klimasoner. Til samanlikning ligg Bømoen i den nest beste klimasona. Sjølv om lokalklimaet spelar inn og kan gje nattefrost til og med på forsommaren, er klimaet bra samanlikna med det ein finn for størstedelen av den dyrkbare jorda i landet vårt.

2. Ein tredel av den dyrkbare jorda i Noreg er myr. Oppdyrking av myr er omstridt, og kan i framtida bli forbode. Det dyrkbare området på Bømoen er ikkje myrjord.

3. Det meste av den dyrkbare jorda i landet må grøftast, og mykje har også høgt innhald av stein. Sjølvdrenert mineraljord med lågt steininnhald, slik ein finn på Bømoen, har mange fordelar samanlikna med andre dyrkbare areal i landet.

4. Jorda på Bømoen er mindre næringsrik enn det ein finn mange andre stader i vossabygda. Likevel finst det mange jordbruksområde med liknande opphavsmateriale rundt om i landet, som med riktig gjødsling og kalking gjev gode avlingar.

Jorda på Bømoen har kvalitetar som gjer henne betre eigna for oppdyrking enn mykje av den dyrkbare jorda vi har elles i Noreg. Det er viktig å ha ein reserve av dyrkbare areal av omsyn til nasjonens matberedskap. Som Trygve Refsdal påpeikar, er kanskje det viktigaste at vi tek vare på den jorda vi alt har dyrka opp. Vi håper at lokalkunnskap saman med eit godt kartgrunnlag legg til rette for ei samfunnstenleg avgjerd når det gjeld framtidig bruk av Bømoen.

Hege Ulfeng, rådgjevar NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.