annonse

Kommunesamanslåing i Ullensvang, Jondal og Odda

OPPSPLITTA
OPPSPLITTA: Ullensvang herad sett frå nordsida av Hardangerbrua, der den minste delen av heradet lig. Resten ligg dels på aust- og dels på vestsida av Sørfjorden. (Foto: Per Frode Bu)

– Det vert feil å snakka om ein samanslåing som er «forankra i folket» i Ullensvang og Jondal.

Resultata frå folkerøystingane i 2016 synte eit knapt fleirtal i Ullensvang (56 prosent) og eit mindretal i Jondal (40 prosent) for den samanslåinga som no er vedteken politisk.

Med slike tal vert det i mine auger feil å snakka om ei samanslåing som er forankra i folket i desse to kommunane. Ein kan vel knapt seia at den er fortøyd i folket.

Den politiske fellesnemnda som skal førebu samanslåinga får difor ei stor og viktig oppgåve i å overtyda skeptikarar og motstandarar om at dette faktisk kan verta bra. Og som «storebror» i prosessen får Odda eit spesielt ansvar her. Tre ulike politiske og administrative kulturar skal smeltast saman. Ein svært viktig del av jobben vert då å få dette forankra i folket og overtyda tvilarane.

For at samanslåinga skal verta forankra i folket, og det må det, ikkje minst blant dei tilsette i dei tre kommunane, må dei som skal arbeida med å førebu 1. januar 2020 omsetja fagre ord i praksis. Dei må syna rausheit med kvarandre, respekt for ulike meiningar og dei må opparbeida tillit til prosessen, i folket, i alle leirar. Politisk posisjonering får venta til valkampen i 2019.

Ein må vera svært varsam med å nytta «kjøtvekta» for å få sine meiningar gjennom. Eit spørsmål som det alt har vore usemje om, er om prosjektleiar for samanslåingsprosessen skal tilsetjast eksternt eller internt.

Mi klare oppfatning er at vedkommande må tilsetjast eksternt, og den løysinga som så langt er vald, med ekstern førebels prosjektleiar gjennom KS, er ei god løysing, som eg vil tru dei fleste kan ha tillit til.

Permanent prosjektleiar må og vera ekstern. Det er argument, også gode argument, for intern tilsetjing, men ein prosjektleiar med sterke band til den eine aller andre kommunen, kan veldig lett verta mistrudd og/eller skulda for å ta mest omsyn til sine eigne. Han eller ho vil ikkje ha den tilliten blant alle grupper som er nødvendig for å få ein god prosess og forankring i folket.

Det har og vore argumentert med at prosjektleiaren automatisk skal verta rådmann i den nye kommunen. Der er eg ueinig. Stillinga som rådmann må utlysast i 2019, og søkjarane må vurderast og innstillast av ekstern konsulent. M.a.o. mest mogeleg nøytralitet.

Den som får jobben som rådmann i den nye kommunen skal ha jobben fordi han eller ho er den best eigna, ikkje fordi han eller ho har venner på rett stad. Berre då får ein ein rådmann med tillit og forankring.

Dersom me kjem til 2020 og halvparten av folket ikkje har tillit til prosessen og trua på den nye kommunen, kva då?

Geir Midtun, Lofthus

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.