annonse

Kraftutbygging i Tverrelva

RISIKERER FRÅFLYTTING
RISIKERER FRÅFLYTTING: – Konsekvensane ved å seia nei til utbygging er store, skriv Helge Edvartsen (t.v.), her med neste generasjon, Bente Edal og Leon Larsen i januar i fjor. Ny veg til Edal og Steine er ein del av planen med kraftutbygging. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

– Me som bur på Edal og Steine kunne eigentleg klart oss fint utan ei overføring av Tverrelva til Evanger, men når konsekvensane for oss ved å seia nei til utbygging er så store, så må me bare akseptera utbygginga, skriv Helge Edvartsen.

Ser i avisa Hordaland at Fylkesmannen igjen er negativ til kraftutbygging i Tverrelva og Mugåselva på Evanger. Som tidlegare grunneigarkontakt i planleggingsfasen med BKK, må eg komma med nokon betraktningar i saka.

Planlegginga her starta først i 1999 og har vort gjennom fleire instansar og planane har blitt endra mykje sidan prosessen starta.

I kvar instans saka har vore innom, har Fylkesmannen komme med merknader til utbygginga. Kvar gong er det omsynet til Vossalaksen fokuset er retta mot. BKK har endra på planane, men dette vert aldri godt nok.

BKK har brukt eit offentleg godkjent selskap for å ta seg av den biologiske undersøkinga i konsekvensutgreiinga. Dei har lagt fram resultat som tilseier at å overføra ein del av vatnet til Evanger har liten og ingen konsekvens for Vossalaksen.

Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen vil ikkje godta resultatet som er lagt fram og brukar argument som at Fylkesmannen ikkje har tillit til det arbeidet dette selskapet gjer. Eg meiner dette er hovedårsaka til at Fylkesmannen går imot overføring av delar av Tverrelva til Evanger.

TIDENE ENDRAR SEG stadig og på 1980-talet var Tverrelva eit problem for Vossalaksen, og då spesielt smolten. Det vart sagt at når vatnet frå Tverrelva møtte vatnet frå Vosso, skjedde det ein kjemisk reaksjon i Vosso, pga. surt elvevatn frå Tverrelva. Derfor hadde laksesmolten problem å leva der. Det var nesten å forstå det slik at dette elvevatnet kunne godt vore vekke.

Kommunen/Fylkesmannen sette då i gang tiltak med å kalka elva. 100-vis av tonn med skjelsand vart transportert til Edal og deponert i elva, for å tilfredsstilla «Vossalaksen». Dette skjedde sjølvsagt midt i teleløysinga om våren, med dei fylgjene dette hadde for vegen til bygda.

Av solidaritet med nokre av grunneigerane i Vossavassdraget, tok eg også på meg å dosera kalken ut i elva, meir eller mindre vederlagsfritt. Om dette hjelpte, veit eg ikkje, men det såg ikkje ut som Vossalaksen kom attende av den grunn.

På byrjinga av 2000-talet vart grunneigerane kontakta av klekkeriet på Voss, om at dei skulle få lov å sleppa ut laksesmolt i den flate strekninga av elva nedanfor Edal. Dei meinte at dette var eit bra oppvekstområde for laksesmolt, 4 km ovanfor anadrom del av Vossavassdraget. Dette gav grunneigerane på Edal og Steine løyve til i fleire år, men når ein fekk greie på haldninga til rep. frå klekkeriet på Voss om planane for kraftutbygginga, vert dette løyvet trekt tilbake.

UNDER FLAUMEN I Vosso i 2014, vart delar av vegbana på E16 og NSB sine spor skadde. Etter flaumen har Vegvesenet og spesielt NSB drive reperasjonsarbeid på kilometervis. Transport av stein over elva og arbeid langs og i elva fleira stader, må etter mi meining, ha gjort skade for oppveksten for lakseyngel i elva. Kvar var kommunen og Fylkesmannen då?

I over 30 år har skattebetalarane betalt mange millionar for å få Vossalaksen tilbake og kvart år vert det framsett optimistiske utsegner at no er Vossalaksen tilbake, men kvar er han? Ei lita gulrot for å få sympati frå grunneigerane, var å opna elva for noko fiske med strenge avgrensingar? Eg har tidligare snakka med fleire grunneigerar langs elva som har mista trua på styresmaktene sine verkemiddel i elva skal få att vossalaksen slik den var før 1980-talet.

Ja, dette er vel som å banna i kyrkja, men det kan eg vel gjera så lenge eg sit utanfor.

ME SOM BUR på Edal og Steine kunne eigentleg klart oss fint utan ei overføring av Tverrelva til Evanger, men når konsekvensane for oss ved å seia nei til utbygging er så store, så må me bare akseptera utbygginga. Alternativt, kan Voss kommune i lag med Fylkesmannen hosta opp pengar til ny veg? For oss er ein oppgradert veg til bygda eit vera eller ikkje vera.

Når ein ofte har store problem vintersdagen å koma opp til bygda med 4-hjulstrekte bilar med piggdekk, må det vel seia at innbyggjarane har eit problem med den bratte vegen. Me har fått spørsmål frå bergensarar som forvillar seg opp i dalen sumars tid. «Bor her folk her oppe vintersdagen og?».

Seinast i dag, onsdag, måtte me nytta traktor for å losa bil ned til stamvegen for å få folk til legetime. Må vel nytta traktor for å slepa dei opp att.

NÅR DET GJELD fråveret av Vossalaksen er det feil å angripa ei kraftutbygging der konsekvensutgreiinga seier at utbygginga har liten eller ingen konsekvens for laksen.

Fylkesmannen bør heller sjå på det som skjer langs kysten og i fjordane med lakseoppdrett på kvar eit nes. Laksesmolten som sym til havs og den laksen som er heldig og kjem att, må verkeleg sno seg for å finna heim igjen, utan å verta teppebelagt av lakselus. Men i oppdrettsnæringa er det vel for mange personar med mykje makt og pengar som skal tuktast, og det vert vel for heise for Fylkesmannen.

Og til slutt vil eg nemna at BKK også er og har vore ein stor økonomisk bidragsytar til Voss Klekkeri og anna arbeid for å leggja til rette for Vossalaksen.

Helge Edvartsen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.