annonse

Kvanndalsvassdraget – Bordalsvassdraget?

STØLSVEGEN I KVANNDAL
STØLSVEGEN I KVANNDAL: – No kan bordølene visa sin solidaritet med kvanndølene og slå ring rundt elva og vatnet som er vår felleseiga, skriv Ågot Himle. (Foto: Sigrid Seim/Illustrasjon)

Les innlegget til Synnøve Kvamme i Hordaland på laurdag om forslaget til grunneigarane i Folkedal og Hardanger Energi om å leggja Kvanndalselva i røyr. Eitt av dei «galne» forslaga til Hardanger Energi.

Det er ikkje fyrste gongen dei er ute på gummisolar og prøver å tilrana seg vatn frå Kvitlar- og Bordalsfjella. Dei har tidlegare prøvd seg med både med Grønlivatnet og Langesetvatnet, men her måtte dei gje tapt.

Vatnet til Kvanndalselva kjem i hovudsak frå Bordalsfjella. Ei av hovudkjeldene kjem heilt frå Veskreshorga til Hanselavatnet, vidare til Øyaset og Almenningane før det kastar seg ut over Kvanngilsfossen og vidare nedover dalen. Furuvatnet er ei anna kjelde.

For ikkje å snakka om alt vatnet som kjem frå Kistenuten i Saltgroa som går forbi Brennevinsteinane og andre grøver. Der forsvinn vatnet inn i Granvin. Men eg vil påstå at det er BorDalen som er kjelda til dette vatnet. Kva seier bordalsgrunneigarane til det?

Rett nok skal «syskeneborna» våre i Granvin verta «syskena» våre etter kommunesamanslåinga, men på Voss er det då Voss Energi som rår grunnen. Bordalsvassdraget er òg verna, men det femner vel kanskje ikkje om alt vatnet som går sør? Så vil Kvanngila som naturperle med alle sine planteartar og frodige natur forsvinna.

Eg har vandra øvst i dalen nedover mot Holstø og vidare nedover. Det er ei trolsk kjensle, med bratte heng og fossande vatn. Men det ensar vel ikkje desse som trur at fellesressusane kan gje litt lommerusrk som inntekt, før dei sel det til utanlandske kapitaleigarar.

Eg forstår det slik at organisasjonen Småkraft alt er seld til desse.

Så no kan bordølene visa sin solidaritet med kvanndølene og slå ring rundt elva og vatnet som er vår felleseiga, slik at me får ta vare på Kvanngila med sitt naturpreg og fossande vatn for våre etterkomarar.

Eg håpar at Voss Naturvernlag med Kåre Flatlandsmo i spissen tek initiativet til ein fellesaksjon for bevaring av dette unike vassdraget.

Eg er med, men gamle kjerringar maktar ikkje så mykje lenger. Men eg ber om at folkedølene held fingrane frå fatet til naboane i vest.

Ågot Himle, bordøl

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.