annonse

Kvifor ingen ventar på sjukeheimsplass

OMSORG
OMSORG: «Som sjukepleiar i heimesjukepleien er eg daglig innom til mange «gode kandidatar» for sjukeheimsplass. Dette er brukarar som treng hjelp med det meste i kvardagen. Men når eg spør om dei kunne tenkja seg å søkje plass på sjukeheimen, er svaret som regel nei», skriv Ranveig Dugstad. Biletet frå Vossestrand omsorgstun er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Me treng meir ressursar snarast råd, for me klarar ikkje å effektivisera meir no utan at det går ut over kvaliteten på omsorga, skriv Ranveig Dugstad.

Til Hordaland 12. september seier Brita Sanden at ho ikkje kan forstå kvifor det ikkje er fleire på venteliste for sjukeheimsplass. Kva som ligg bak desse tala er ikkje enkelt å svara på, men eg har ikkje vanskeleg for å tru at det er rett.

Som sjukepleiar i heimesjukepleien er eg daglig innom til mange «gode kandidatar» for sjukeheimsplass. Dette er brukarar som treng hjelp med det meste i kvardagen. Men når eg spør om dei kunne tenkja seg å søkje plass på sjukeheimen, er svaret som regel nei.

«Eg vil ve heima, da e her eg har da best, og eg har jo dekan so kjem og hjelpe meg» er blant svara eg får. Sjølvsagt er det kjekt å høyra kor viktige me er for dei som treng oss. Å kunna gje ei teneste som i så stor grad påvirkar livskvaliteten og kvardagen til omsorgstrengjande på Voss, gjer meg stolt og audmjuk. Derfor har eg ikkje vanskelig for å tru at tala for ventelista er reelle.

Men for å halda på dette treng me fleire hender for å kunne gje hjelp til den stadig aukande andelen sjuke og eldre. Etter at samhandlingsreformen kom i kraft, har me fått stadig meir omfattande oppgåver. Me skal ta imot fleire utskrivingsklare frå sjukehus, gje omsorg heilt til livets slutt og har blitt tilført oppgåver som blant anna ansvar for utrykking på tryggleiksalarmar. Utan å få meir ressursar. Saman med dette har me hatt ei nær dobling* av talet på brukarar dei siste to åra i mitt område og kvardagen har blitt stadig meir krevjande utan at grunnbemanninga har auka.

Derfor håpar eg at politikarane og kommunen no endeleg kan få augene opp for den viktige jobben me gjer, som er grunnen til at me ikkje har noko venteliste her på Voss.

Me treng meir ressursar snarast råd, for me klarar ikkje å effektivisera meir no utan at det går ut over kvaliteten på omsorga.

*tal henta frå Gerica (frå august (01.08 -14.08) 2015 til same periode i 2017 gjekk antallet frå 104 til 193 brukarar i sone vest)

Ranveig Dugstad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.