annonse

Kvifor og korleis stansa den store globale folkeauken?

YNSKJER STABILISERING
YNSKJER STABILISERING: «Det er fullt mogeleg å få til ei framskunda stabilisering av verdas folketal om verdas land gjennom FN-systemet verkeleg går inn for det og prioriterar på rette måten», skriv Jon Hauge. Biletet frå Malawi er brukt som illustrasjon. (Foto: Arkiv)

Den globale folkeauken ligg for tida på 83 millionar pr. år; dette er om lag 3 gonger så mykje som Nordens noverande folketal, slik at den årlege globale auken kan seiast å vera svært stor.

Det er mange grunnar til at det er viktig å stansa den store folkeauken. Det vil for det første minka den framtidige energietterspurnaden, og vil dermed medverka til lågare klimagassutslepp.

Det globale biomangfaldet er trua, tapet av både dyre- og innsektarter, samt plante-arter er rekordstort, mellom anna fordi leveområdearealet for ymse arter minkar for kvart år.

Stor folkeauke medverkar også til overforbruk av viktige ressursar, mellom anna av grunnvatn, ein del viktige fiskesortar, overbeiting, omforming av regnskog til jordbruksland, med påfølgjande klimagassutslepp, berre for å ha nemnt nokre viktige ting.

Og fleire ting kan leggjast til denne lista: Det optimale barnetalet for å halda eit lands folketal ved like er 2,1 barn, og det er klart når ein familie skal brødfø 2 born istaden for 4-5, så blir det større mogelegheiter for større ressusar til desse 2 borna; til dømes betre skulegang.

Det er også ting som tyder på at automatiseringa i næringslivet blir forsterka i tida framover, til dømes auka bruk av robotar – dermed blir også etterspurnaden etter arbeidskraft redusert og dermed får vi ein ny grunn til at stabilisering av folketalet blir ei viktig samfunnsoppgåve i tida framover.

Det store innslaget av unge afrikanarar i migrasjonsbølga over Middelhavet via Libya og til Italia; p.g.a. at i landa med høg folkevekst som dei kjem ifrå ikkje er arbeid til alle unge som veks opp og som også skaper problem for Italia p.g.a. det høge talet emigrantar, viser at det er tvingande naudsynt å satsa sterkare på familieplanleggingstiltak i u-hjelpa til slike land.

Det er fullt mogeleg å få til ei framskunda stabilisering av verdas folketal om verdas land gjennom FN-systemet verkeleg går inn for det og prioriterar på rette måten. Ein må få til eit forsterka innslag av familieplanlegging i utviklingshjelpa frå viktige gjevarland; til dømes fører forsterka hjelp til jenter sin skulegang til seinare giftarmål og færre born; kampen mot barnedødeligheit er godt i gang; noko som gjev foreldra betre tru på at borna dei får verkeleg veks opp, slik at dei greier seg med færre fødte barn.

Ei sentral oppgåve blir å gje dei 225 millionar kvinner som ikkje ønskjer å bli gravide, men som manglar prevensjon – gratis eller rimeleg prevensjon.

Dernest er det viktig å forsterka støtta til det internasjonale arbeidet for kvinners reproduktive rettar og rett til sjølvbestemt abort når svangerskapet ikkje er kome langt på veg, og når det er helseøkonomiske viktige grunnar for det.

Likeeins er det viktig å driva opplysningsarbeid om at humant familieplanleggingsarbeid ikkje treng å vera i noko motsetningtilhøve til gudstrua til folk, slik at grunnlaus religiøs motstand mot ei fornuftig styrking av familieplanleggingsinnsatsen på globalt nivå minkar.

Oppsumeringsvis kan vi seia at tidleg stabilisering av folketalet er ein av faktorane for å få til ei berekraftig utvikling på jorda.

Jon Hauge

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.