annonse

La gaupa få leve i Hordaland!

GAUPE SKOTEN
GAUPE SKOTEN: Denne gaupa vart skoten på Voss i vinter. Hordaland Venstre ynskjer totalforbod mot jakt på gaupe og andre raudlista rovdyr, også i Hordaland. (Foto: Sveinung Klyve)

I mars i år vart ei gaupe skoten og drepen på Voss. For første gong i moderne tid er ei gaupe skoten i Hordaland.

Gaupa hadde ikkje skada husdyr så langt ein veit, så ho er ganske enkelt skoten fordi ho var på feil stad til feil tid. Hordaland Venstre meiner det er både trist og svært alvorleg at vi har ei rovdyrforvaltning som tillét jakt på raudlista dyr, slik gaupa er.

I Noreg er det dei regionale rovviltnemndene som styrer slik jakt, og der det vert tilléte er det kvotefri jakt på gaupe. I Hordaland, som ligg i region 1, skal det ikkje skal være gaupekull. Her har den regionale rovviltnemnda bestemt at det er fritt fram for gaupejakt i jakttida februar og mars, sjølv einslege streifdyr som ikkje får ungekull.

Hordaland Venstre meiner at bestandmålet for region 1 bør endras til at det vert opna for å etablere gaupekull i Hordaland og at rovviltnemnda bør tillate streifdyr å ferdast i Hordaland uavhengig av bestandmåla på gaupekull. Gaupa er raudlista i Noreg og bestanden er lågare enn dei nasjonale bestandmåla. Hordaland Venstre meiner det bør være totalforbod på jakt på gaupe slik situasjonen er.

Gaupa som vart skoten var ein einsleg omstreifar og ville dermed ikkje påverka ei etablering av gaupekull i Hordaland. Hordaland Venstre ønskjer totalforbod mot jakt på raudlista rovdyr i Noreg, også i Hordaland. Så lenge alle instansar er einige om at bestanden er altfor låg til å være bærekraftig, burde ikkje lokale rovviltnemnder kunne opne for jakt.

Bakgrunn: Det er ikkje dokumentert at gaupa tar mykje sau og andre husdyr. Av rundt 6000 årlige erstatningsutbetalingar for sau teken av gaupe i Noreg er berre rundt 7 prosent faktiske dokumenterte gaupedrap, ein langt lågare andel enn for andre rovdyr. Gaupe går enkeltvis og har store territorium. Dei tar berre einskilddyr og det er sjeldan gaupeindivid er observert i å spesialisera seg på husdyr.

Gaupa bidreg derimot til å halde nede bestanden av rådyr, hjort og småvilt. I Hordaland har vi eit problem med for store bestander av fleire slike arter. Vinteren 2017/18 har mykje hjort stroke med av svolt i Hordaland. Ein viktig grunn til dette er at hjorten manglar naturlege fiendar i vestlandsnaturen. Også av slike omsyn burde vi la gaupe få etablere seg her.

Bjørn Tore Sund, 2. nestleiar Hordaland Venstre

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.