annonse

Leggja ned Hauge barnehage og?

HAUGE BARNEHAGE
HAUGE BARNEHAGE: – Barnehagen vår er heilt unik. Nydeleg, gamalt hus med «sjel». Ikkje kvitt og sterilt, men varmt og koseleg, skriv Ellen M. Selland Geithung om barnehagen i Haugsvik. Biletet er frå ei anna sak sist vinter. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

Fyrst var det skulen. No barnehagen?

Ser kommuneadministrasjonen føreslår å leggja ned Hauge barnehage for å skapa overskot på budsjettet. Vel, so er det få born i barnehagen, men det kan ha si enkle forklaring med at dei berre får halda ope 4 dagar i veka, og at dei ikkje får forlengja opningstidene.

Likevel har me få borna våre der, og me ynskjer sårt å behalda barnehagen vår. Den er heilt unik. Nydeleg, gamalt hus med «sjel». Ikkje kvitt og sterilt, men varmt og koseleg.

Her søkjer me opp att for nye sysken fordi me veit kor flott dei får det her. Ute er det oversiktleg, og eit fint leikeområde. Flotte turmoglegheiter langs Kongevegen, og om vinteren ski- og akebakkar rett bak huset. I tillegg er det fantastiske tilsette her som gjer ein uvurderleg innsats for borna våre. Her er det trygt, og borna får vera i nærmiljøet sitt, i grenda vår.

Kvifor ikkje heller snu på flisa, og tenkja på framtida? Pussa opp det som måtte ha behov for det for å halda dagens standard, ha ope 5 dagar og lengre opningstid dagleg. Då ville kanskje fleire ha søkt?

For nokre år tilbake stod born på venteliste for å byrja her, og slikt vil vel svinga? I Haugsvik og på Oppheim kjem der 7 nye hus med unge nyetablerte, i tillegg til dei nyetablerte leilegheitene til Seimen på Framnes. Ein buset seg ikkje her for så å skulla måtta køyra dei små milevis kvar dag på utrygg veg (t.d. Vinjadalen vinterstid,) for å ha dei i ein annan barnehage. Det er ikkje ideelt.

Her kjem born heilt i frå inste dalen i Jordalen. Det vert lange bilturar kvar dag! Nei, tenk framtid, og skap levande bygder! Me treng barnehage her me bur.

Elles kan eg jo minna om at det står eit tomt skulebygg på Oppheim, som kunne vore eit flott alternativ til barnehage.

Hjartesukk frå

Ellen M Selland Geithung

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.