annonse

Linjeavgift eller linjeakevitt, eller begge delar?

STRAUM
STRAUM: – Dei har nekta å leggja straumen i kabel innanlands og kan no i tillegg skapa krisestemning om at linjene dett ned av snø eller kuttar ut på grunn av skogvekst. Kva skal me med nye målarar når me ikkje får straum? spør Steinar Bergo i Ordet fritt. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

Straumen er blitt like dyr i Noreg som i land med mindre fossar og dyrare produksjon. No må me laga oss kriselager i fall straumen skulle gå, seier somme.

Då me var ungar, var det nokre få som kjempa seg rundt på beina langs snøtunge linjer kvar gong straumen gjekk. Etter ei stund kom ljoset att rundt om i bygda. Det var ingen som hadde høyrt om linjeavgift, og straumen var eit rimeleg gode for oss her i landet. Me hadde vippe, målarar og spara på det meste, men det var ingen som truga med krise! Kanskje ein burde halde på ein differensiert pris, eit rimeleg kvantum for åleinemødrer og folk flest, så kunne prisen auka med forbruket. Det ville vore god sosialdemokratisk tenking!

I dag har me meir pengar, fleire folk i arbeid langs linjene og mykje betre utstyr – og ei høg linjeavgift som skal gje grunnlag for sikre linjer (brennevinet er vel dyrt nok frå før i vårt land, elles burde «linjeakevitt» vore ei ny inntektskjelde!). Straumen er blitt like dyr i Noreg som i land med mindre fossar og dyrare produksjon. No må me laga oss kriselager i fall straumen skulle gå, seier somme. Det er like sikkert som at VG skriv om flåtten kvar sommar, at kraftselskapa skremmer oss med vassmangel kvar haust.

Det skjer etter dei har tappa ned bassenga om sommaren og tent godt på kraftsal til utlandet. Men det kjem alltid regn nok! Dei har nekta å leggja straumen i kabel innanlands og kan no i tillegg skapa krisestemning om at linjene dett ned av snø eller kuttar ut på grunn av skogvekst. Kva skal me med nye målarar når me ikkje får straum? Då treng me ikkje lesa av i noko tilfelle! Rekninga for målarane kan sendast i posten på gamlemåten, og me kan betala i banken når SPV har kontordag i gamle Handelslaget.

Kabel ville vore lurt mot snø og trefall når ikkje kraftverka vil hogga under linjene eller senda folk ut i snøen. Det er lett å driva bedrifter som berre kan leggja på når ein treng meir pengar! Nettleiga skal vel brukast til bilar, snøskuterar («kjekt å ha»), og ikkje minst kablar til utlandet! Kor dumme trur utbyggjarane at me er? Nei, framtida er ikkje berre «Hver mann sin høne»; men og «Kvart hus sitt solcellepanel!!». Me forbrukarar «har sett ljoset»!

Steinar Bergo

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.