annonse

Luftsportstøy på Bømoen

– PASSAR DÅRLEG
– PASSAR DÅRLEG: – I meir enn 20 år har dei som bur her prøvd å fortelja luftsportfolk, lokale media, Voss kommune, Fylkesmannen og Luftfartstilsynet at motorsportaktiviteten lokalt over Bømoen passar dårleg saman med eksisterande bustader, skriv Matias Ringheim. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Fallskjermklubben på Bømoen har i fleire samanhengar slått fast at nye bustadar ikkje høyrer saman med bråkete luftsportaktivitetar.

Vanskeleg å vera usamd i det, men tilhøvet gjeld altså ikkje berre for nye bustadar. Folk i grendene kring flystripa har omfattande praktisk erfaring med problemet.

I meir enn 20 år har dei som bur her prøvd å fortelja luftsportfolk, lokale media, Voss kommune, Fylkesmannen og Luftfartstilsynet at motorsportaktiviteten lokalt over Bømoen passar dårleg saman med eksisterande bustader. Meir om dette vil dei som er interesserte finna i ein uttale som folk i grendene kring Bømoen leverte til Voss kommune i november 2017.

Kanskje no når «støyprodusentane» sjølve har oppfatta poenget, kan det skje ei endring? I alle fall virkar det noko urettvist om eigarane på Bømoen som har «arva» tidlegare kommunale planleggingssynder ikkje no får konstruktiv støtte frå dei folkevalde til å løysa gamle problem. Dei nasjonale støygrensene i dokumentet TA 1442 frå Miljødirektoratet er eit viktig startpunkt i så måte.

Mangel på kommunal grensesetting har fylgt luftsportsenteret sidan etableringa. Utan tydlege grenser å halda seg til, er det ikkje rart at motorsportentusiastar på vitjing til herlege Voss frå heile landet og verda trur dei kan gjera omtrent som dei vil.

Interessant i denne samanhengen er det óg, når det kjem fram i fleire nylege avisintervju, at turfolk som vitjar Bømoen helst vil ha det stille og roleg på sine skogsvandringar og bærturar. Kanskje omtrent slik som når fastbuande kring moen sjølve vil bestemma kva lydar som fyller eigen heim og hage? Slik sett er det positivt at nemnde retningsliner gjeld for både bustadar og rekreasjonsområde, så vel som skular, helseinstitusjonar og liknande.

Matias Ringheim

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.