annonse

Mang­lan­de hand­le­kraft på K5

LEVERER IKKJE
LEVERER IKKJE: Trass i lovnadar for redusert planleggingstid i samferdsleprosjekt har ikkje samferdsleministeren levert, skriv Nils T. Bjørke om Ketil Solvik-Olsen (Frp). På biletet er ministeren med statsminister Erna Solberg (H) på rasstaden etter raset som gjekk vest for Bolstad i fjor sommar. (Foto: Karl Ystanes)

Trass i lovnadar for redusert planleggingstid i samferdsleprosjekt har ikkje samferdsleministeren levert, meiner Nils T. Bjørke (Sp).

Stortinget handsama 19. juni Nasjonal transportplan (NTP). Etter framlegg frå Heikki Holmås frå SV kom byggjestart i 2021 for K5, fellesprosjektet ny E16/Vossabane-Bergensbane, opp til avrøysting. Framlegget fekk ikkje fleirtal. Miljøpartiet Dei Grøne, Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet­ og Senterpartiet røysta for, men samarbeidspartia Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre røysta framlegget ned.

Sundag kjem Helge André Njåstad (Frp) til Dale saman med samferdsleministeren. 6. juli seier Njåstad til Bergens Tidende at han fråskriv seg ansvaret for at fire av ti NTP-kroner er planlagt brukt på jernbaneutbygging på Austlandet. «Dette er Venstres og KrFs vilje. Det er prisen vi må betale for å ha et flertall i ryggen», sa han til BT.

Solvik-Olsen held seg til same leksa. «I åtte år hadde Senterpartiet sjansen til å gjera noko med E16 og Vossabanen». Og vidare «Senterpartiet sette av 0,- kroner til E16 i førre NTP». Eg er overraska over at Solvik-Olsen er så historielaus. Senterpartiet leverte på E16 i dei åtte åra partiet hadde samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa, og kjenner ansvar i ny regjering for å realisera K5 med byggjestart 2021.

Konseptvalutgreiinga (KVU) Arna-Voss var det samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) som sette i gang i 2012. Solvik-Olsen veit godt at alle statlege prosjekt over 750 millionar må ha ein KVU og kvalitetssikring for å få realisering. Dessutan veit han også godt at det var han som valde konsept for Arna-Stanghelle, ein føresetnad for å setta av midlar i 1. NTP-del, noko samarbeidspartia ikkje gjorde.

I tillegg til KVU-en leverte Senterpartiet: Vossapakko, eit prosjekt på 1130 millionar kroner til Rv13/E16, med Vangstunellen, Jobergtunellen, Tunestveittunellen, Skjervet, Stanghellekrysset og no sist Vangen. I tillegg kom rumlefelt, kalking og lys i tunellane på E16 mellom Arna og Voss, viktige trafikktryggleikstiltak.

Senterpartiet leverte på E16 i dei åtte åra partiet hadde samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa, og kjenner ansvar i ny regjering for å realisera K5 med byggjestart 2021.

Hordaland Senterparti har stortingsgruppa i ryggen for K5, i motsetning til Hordaland Frp, og har i sin alternative NTP sett av fem milliardar kroner til prosjektet i 2021. Det er tverrpolitisk semje om at utgiftene til Hordfast må reduserast. Senterpartiet kuttar fire milliardar til Hordfast i 2. NTP-periode i sitt NTP-alternativ, og utset E18 gjennom Asker og Bærum til 2. NTP-periode.

Trass i lovnadar for redusert planleggingstid i samferdsleprosjekt har ikkje samferdsleministeren levert. I felles generell­ merknad (Innst. 460 S) til NTP frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet heiter det: «Regjeringen har i et par tilfeller tatt grep. Dette gjelder blant annet fellesprosjektene på veg og jernbane på strekningene Arna-Stanghelle og E16 Skaret-Hønefoss/Ringeriksbanen. Det er derfor et paradoks når regjeringen­ for disse prosjektene la opp til rask realisering ved å kutte i planleggingstiden, at det ikke står penger klare til anleggsdrift når prosjektene er klare. Det viser en sterkt manglende gjennomføringsevne fra regjeringens side. Planlegging og gjennomføring av prosjektene må ses i sammenheng. Det er uklart hvordan denne manglende sammenhengen mellom planlegging og utbygging vil slå ut i ytterligere økte kostnader for prosjektene».

Eg vil minna lesarane av Horda­land om kva Voss formannskap sa i fyrste møte etter den vidgjetne pressekonferansen i Arna 28. februar; «dei har rett og slett lurt oss».

Nils T. Bjørke, 2. stortingskandidat for Hordaland Sp

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.