annonse

Mat må folk ha

STERKT LANDBRUK
STERKT LANDBRUK: – Nasjonen Noreg er grunna klima og geografi ikkje den mest ideelle plassen å produsera matvarer. Likevel let det seg gjera, dersom det er vilje hos folket og dei som styrer landet å leggja til rette for det, skriv Torill Selsvold Nyborg og Harald Rydland (KrF). (Foto: Vidar Herre)

I ei tid med stor folkeauke, ustabilt klima og internasjonal spenning, er det viktigare enn nokon gong at det vert satsa på eit sterkt norsk landbruk.

Uansett utfall av stortingsvalet og kva regjering som skal styra landet etter valet i haust; KrF vil vera garantist for ein føreseieleg landbrukspolitikk, der bøndene som vil produsera mat for det norske folk skal få skikkeleg betalt for arbeidet sitt.

Nasjonen Noreg er grunna klima og geografi ikkje den mest ideelle plassen å produsera matvarer. Likevel let det seg gjera, dersom det er vilje hos folket og dei som styrer landet å leggja til rette for det. Då er det fleire faktorar som er avgjerande for å lukkast.

▪ Marknadsordningar som gjer at bøndene på både små og store bruk kan få same pris for varene sine same kvar i landet garden måtte liggja.

▪ Lover som sikrar bøndene eigedomsrett og vern om den jorda som er eigna for matproduksjon.

▪ Import- og tollvern som sikrar at dei norskproduserte matvarene ikkje vert utkonkurrerte av mat frå område der naturgjevne og andre forhold gjer at maten kan produserast langt rimelegare enn i Noreg.

▪ Tilskotsordingar som utjamnar ulike naturgjevne forhold, og som sikrar at betalinga for arbeid med matproduksjon er såpass god at ungdomar kan tenkja seg å driva norsk landbruk i framtida.

▪ Ordningar som stimulerer bøndene til å dyrka ny jord. Produksjon av norsk mat må i størst mogleg grad baserast på norske ressursar.

Desse faktorane må i stor grad styrast politisk, gjennom lovverk og andre ordningar. Då er det avgjerande at bøndene og styresmaktene i fellesskap finn fram til fornuftige ordningar. Jordbruksavtalen må difor framleis vera eit viktig verktøy for å sikra norsk sjølvforsyning av mat i framtida.

Ei stemme til KrF er med på å bidra til trygg og god mat i Noreg.

Torill Selsvold Nyborg, 2. kandidat Hordaland KrF

Harald Rydland, gruppeleiar i Fitjar KrF

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.