annonse

Mat til eldre – viktig å ta rett avgjerd!

MAT TIL ELDRE
MAT TIL ELDRE: «Senior Norge er oppteken av best mogelege vilkår for alle eldre, same kvar dei bur. Det omfattar, sjølvsagt, velsmakande, god og næringsrik mat. Eg håpar at opplysningar og faktainformasjon i dette innlegget kan vera til nytte for matnemd/politikarar i kommunen. Eller kanskje dette er fakta og sanning som politikarar helst ikkje vil vita om?», spør Odd Himle. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Senior Norge er oppteken av best mogelege vilkår for alle eldre, sam kvar dei bur. Det omfattar, sjølvsagt, velsmakande, god og næringsrik mat, skriv Odd Himle.

Senior Norge er ein organisasjon som ivaretek interesser til seniorar – pensjonistar i samfunnet.

Eit mål er at også denne aldersgruppa i samfunnet, på alle måtar, skal ha eit fullverdig og godt liv sjølv om dei, eventuelt, bur på ein aldersinstitusjon. Og mat er for denne gruppa gjerne endå viktigare enn for yngre generasjonar.

Bømoen kjøkken. Gjennom Hordaland har me fått informasjon om at det står eit storkjøkken ledig på Bømoen – ein ressurs i lokalsamfunnet – som ikkje blir brukt. Fleire undrast på kvifor den ressursen ikkje blir vurdert brukt, i staden for å investera 20 mill. kr i eit kommunalt storkjøkken.

Det er heller ingen garanti for at eit kommunalt drive storkjøkken er beste løysinga. Utviklinga i Noreg når det gjeld eldremat, vil truleg, og mest sannsynleg, bli som i Danmark, og då kan eit kommunalt storkjøkken til 20 mill. innan kort tid visa seg å vera ei feilinvestering - ein dyr politikartabbe. Og når det gjeld kjøkkenet på Bømoen så opplyser, forresten, ein representant for Mattilsynet i fylket at dei kjenner ikkje til krav om godkjenning. Og opplyser, vidare, at dei ser ikkje nokon grunn til at dette kjøkkenet ikkje kan takast i bruk. Eit anna alternativ kan vera Fylkessjukehuset, som har eit stort kjøkken, som, iflg. info, med ei viss oppgradering (til ein akseptabel pris), utan vanskar, kan levera mat i store mengder.

«Betre eldreomsorg vert det i alle fall», seier representantar for matnemda. Kanskje – men det er slett ikkje alltid ting blir så bra som politikarar trur og seier. Det er vel verdt å merka seg kva som skjer i Bergen, i vårt naboland Danmark og i enkelte norske kommunar. Fleire eldresenter i Bergen har gått vekk frå kommunen sin eldremat og får no tilkøyrt nylaga middag kvar dag frå kjøkkenet til eit stort eldresenter.

«Det blir litt dyrare», seier styrarane på eit par eldreinstitusjonar. «Nylaga mat kostar ca. ein tiar meir pr porsjon, men det er vel verdt dei ekstra kronene», seier styraren på Landås Menighets Eldresenter til BT. Han opplyser og at vurdering av eige kjøkken blir teke opp i samband med ombygging som no er på gang. Og tilbakemeldingane frå alle bebuarar er positive, dei seier «Denne maten smakar mykje betre». Ein lækjar på ein av institusjonane opplyser at dei eldre no et betre, og, faktisk, legg på seg. Eit viktig moment i den samanheng, er at velsmakande, god og riktig «heimelaga» mat kan redusera bruken av dyre medisinar. Det er og eit momentet som må vurderast i samband med mat for eldre og økonomi.

Danmark. Underteikna (og fleire!) var tidlegare i år på oppdrag i Danmark, for Hordaland fylke, for å sjå på etablering og drift av eldreinstitusjonar. Og maten på eldreinstitusjonar i Danmark er no så høgt prioritert og viktig, at regjeringa i landet har sett av pengar til nyopning av institusjonskjøkken i kommunane.

Dette blir omtala som «eit historisk lyft for eldrematen i Danmark».

Mogelegheiter. Det er, gode politikarar, ikkje ulovleg å dra nytte av andre si erfaring. Dvs. det er ikkje nødvendig å gjera same feilvurderingane, same feilinvesteringane og same tabbane som andre har gjort – før det blir einigheit om den beste løysinga.

Og beste løysinga, iflg. fleire kjøkkensjefar og matekspertar som er konsultert, er den som Danmark no har valt. Tenk om samfunnet, alt no, hadde hatt så glupe og framsynte politikarar at dei hadde innsett det. Tenk om lokale politikarar t. d. hadde vurdert at i staden for å byggja eit kommunalt storkjøkken til 20 mill kr (for bruk i nokre få år?), kan me rusta opp dei institusjonskjøkkena som treng å rustast opp, og ta kjøkkena i bruk.

Iflg. ein tidlegare kjøkkensjef skal det ikkje så mykje til alle stader, for å få eit brukande kjøkken. Fleire kjøkkensjefar og matekspertar seier at ingen kommune bør gjera noko så dumt som å byggja eit kommunalt storkjøkken. Som ein kjøkkensjef sa:

«Eit godt eksempel er ein kommune i Sogn og Fjordane som har bygt nytt kommunalt storkjøkken. Der er det strid og ueinigheit, folk vil ikkje ha maten, dei vil ha sitt eige kjøkken. Og det bør vera ein menneskerett også på institusjonar. Feilinvesteringa med storkjøkkenet vart ein dyr politikartabbe for kommunen».

Senior Norge er oppteken av best mogelege vilkår for alle eldre, same kvar dei bur. Det omfattar, sjølvsagt, velsmakande, god og næringsrik mat. Eg håpar at opplysningar og faktainformasjon i dette innlegget kan vera til nytte for matnemd/politikarar i kommunen. Eller kanskje dette er fakta og sanning som politikarar helst ikkje vil vita om? Og politikarar bør ikkje gløyma at dei er samfunnet sine tenarar – og at dei har, sjølve, bede om å få bli det.

Odd Himle, Leiar – Senior Norge Hordaland

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.