annonse

Med bilen som regnfrakk?

LITE SYKKELTRAFIKK PÅ VOSS
LITE SYKKELTRAFIKK PÅ VOSS: – Syklistane er ikkje tekne omsyn til, skriv Sigurd Solberg om den nye løysinga for Vangen. Han tek til orde for å redusera lokal biltrafikk og parkering i sentrum. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Bruken av bil i Voss sentrum har endra seg.

Omkøyringstunnelen har laga meir plass for lokal biltrafikk, og mykje handel er etablert med gratis parkeringsplassar i aust og nord. Vegvesenet har nettopp laga ei heilt ny løysing for Uttrågata og Sverresplass, styrt av dei folkevalde, med vekt på betre tryggleik for fotgjengarane. Syklistane er ikkje tekne omsyn til.

Kva er utfordringane for trafikk og miljø på Voss? Det er stor, lokal biltrafikk, avgrensa fotgjengartrafikk og svært liten sykkeltrafikk. I tillegg har me ofte eit ubehageleg vêr, mest Bergensklima før jol. Ofte vått vêr følgt av kuldegrader. Det vert ofte glatt. Det er store krav til rask rydding av fortau (og sykkelbanar).

Dersom me skal samanlikna oss med andre norske og utanlandske tettstader, bør me auka fotgjengartrafikken og særleg sykkeltrafikken. Me bør redusera lokal biltrafikk og parkering i sentrum. Parkeringsanlegget i sentrum har kapasitet for det meste av lokalt parkeringsbehov, men kan supplerast på høveleg vis. Kva kan ein gjera?

Kven seier at me ikkje kan gå 300 m frå ein parkert bil for å handla? Folk som handlar eller butikkeigaren? Hugs: på kort tid var det full oppslutning om stopp i all røyking innadørs. Svært mange var imot i starten. Det er gode grunnar for visse restriksjonar. Er dei som må ha parkeringsplass høgst 30 m frå ein forretning redde for vêret? Brukar dei bilen som regnfrakk?

I Norge er om lag 4 prosent trafikken med syklar. I den byen som har høgast sykkeltrafikk i verda, Groningen, i Nederland er det 27 prosent som syklar. Groningen har mykje regn, som i Bergen.

I 2010 var Europa ramma av kulde, snø og trafikkaos. I Nederland var det problem med fly, bil og jernbane. Då var det utruleg å oppleva at alle sykkelvegar i Groningen var nybrøytte og sykkeltrafikken gjekk unna omtrent som på ein fin sommardag.

Etter snøfallet for eit par veker sidan kunne ein på Voss sjå eldre menneske med gåstol ta seg fram i gata fordi fortauet var uframkomeleg.

Eg trur det er vanskeleg å laga ein god sykkelveg gjennom Voss sentrum – som me burde ha i dag – på ein rask måte. Men det må vera målsetjinga!

Kjelde: Å sykle i Groningen – til med om vinteren. Helge Fiskaa, Adressa.no. 25.01.2010.

Sigurd Solberg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.