annonse

Mens me framleis ventar på Gondol

STILLER SPØRSMÅL
STILLER SPØRSMÅL: Illustrasjonen viser nedre stasjon for ny Hangursbane slik han er teikna inn ved Voss stasjon. (Foto: HLM Arkitektur AS Tegmark)

Ope brev til ordføraren på Voss frå Matias Ringheim.

Heradsstyret med ordføraren i spissen har gjort kontroversielle vedtak i saka om ny gondolbane på Voss. Vedtaka viser partipolitiske val og bruk av skattepengar i praksis. Fleire har etterlyst informasjon om heradsstyret sitt vedtaksgrunnlag.

For snart to månadar sidan oppmoda eg journalistane i avisa Hordaland om å stilla lokalpolitikarane nokre spørsmål i saka. Eg har ikkje sett svar, men har fått oppfordring om å retta spørsmåla direkte til ordføraren og hans skriveføre folk. Så her er dei, i litt forenkla form:

• Kven andre enn heradsstyret har forplikta seg økonomisk i prosjektet?

• Kva var det økonomiske underlaget for dei politiske vedtaka? Budsjett for bygging og drift kan ordføraren godt dela med innbyggjarane.

• Kven sit med ansvaret dersom gondolprosjektet går konkurs - eller forseinkar arbeidet med trafikk-knutepunktet på Voss stasjon?

• Korleis skal praktiske behov for tusen eller fleire gondolgjester i timen dekkast? Slik som transport til/frå anlegget, parkering, informasjon, mat og toalett - samstundes som trafikk-knutepunktet skal fungera for ikkje-turistar?

• Gondolbanen vart visstnok plassert midt i eit trafikkknutepunkt for å få tilreisande rett til fjells på miljøvenleg vis. Kjenner ordføraren til om utbyggjar har eit forpliktande samarbeid med jernbanen t.d. om togkapasitet?

Matias Ringheim

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.