annonse

Nakkagiltunnelen – fartsgrensa redusert?

SJÅFØREN OMKOM
Sjåføren omkom: Vegvesenet vurderer å setja ned fartgrensa frå 80 til 60 km/t ved Nakkagiltunnelen mellom Evanger og Bolstad. Dette som ei fylgje av granskinga etter ulukka der bussjåføren mista livet. (Foto: Sara Finne/Arkiv)

Ref. Hordaland 17.03: «Når det gjeld årsak til dødsulukka legg rapporten òg skuld på den smale og krumma vegen».

At E16 ikkje held tilfredsstillande standard er det stor einigheit om, og krav om ny veg aukar for kvar ulukke som skjer. Men det ser ikkje ut som ulukkene gjer inntrykk på politikarar og byråkratar. Eventuelt redusert fart på ein ulukkesstad er vel, meir eller mindre, Statens Vegvesen si standardløysing.

Iflg, avisa Hordaland er vegen ved Nakkagiltunnelen 6,5 m brei, dvs. kvar køyrefil er 3,20 m brei. Breidda på turbussar (MAN), frå-til ytterkant spegel på kvar side, er målt til 2,93 m. Store lastebilar har, truleg, om lag same breidda.

Dvs. at med 3,20 m brei køyrefil har kvart køyretøy eit slingringsmon på 27 cm inn til midtstripa (10 cm) + eventuelt areal som kan nyttast av vegskuldera, men der er også ei stripe!

Eit slingringsmon på 27 cm er gjerne ikkje meir enn det trengst for eit stort køyretøy, men med erfarne sjåførar er det, vanlegvis, ikkje nokon vanskar.

MEN andre stadar på E16 er vegen smalare enn 6,5 m. I ein kjent tunnel var vegbreidda målt til 6 m, dvs. kvar køyrefil er 2,95 m. brei inn til midtstripa. Store køyretøy (bussar) har, fortsatt, same breidda, 2,93 cm, og når to store køyretøy møtest på slike stader, må gjerne vegskuldra nyttast, der det er mogeleg. Men likevel er det ikkje særleg stor klaring mellom køyretøya, og det hender at det ryk ein spegel eller to.

Kva tryggingstiltak blir gjort på stader der vegen er smalare enn ved Nakkagiltunnelen – 6 m brei og køyrefiler på 2,95 m?

Om Vegvesenet si standardløysing (redusert fart) alltid er beste løysinga for samfunnet, kan det vera ymse meiningar om.

Tilfredsstillande vegstandard må vera både ei betre og naturleg løysing i eit samfunn med stadig større krav til effektivitet, tid og kostnader.

Våre naboland, utan Noreg sine store oljeinntekter, klarer fint å byggja tilfredsstillande vegar, t. o. m. utan det nettverket av bomstasjonar som dette rike landet etablerar.

Men som norsk-svensken sa, «vi har et føremun i Sverige – vi har ju inte norska politikere».

Odd Himle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.