annonse

Namn på nytt fylke

VESTLANDET
NYTT NAMN: – Det hittil tåpelegaste framlegget er nok «Vestlandet». Vestlandet er alt namnet på ei geografisk eining, som femner om eit område som er dobbelt så stort som det nye fylket vil bli, skriv Sigbjørn Eidsnes i Ordet fritt. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Dersom idiotiet med samanslåing skal fullførast, er det er berre eitt namn, i to variasjonar, som er dekkande og fornuftig: Midtre Vestlandet, eventuelt Midtvestlandet.

Debatten om namnet på det nye fylket (Hordaland/Sogn og Fjordane) går vidare i ymse fora, ser eg. Det hittil tåpelegaste framlegget er nok «Vestlandet». Vestlandet er alt namnet på ei geografisk eining, som femner om eit område som er dobbelt så stort som det nye fylket vil bli.

Kva skal resten av området (både i sør og nord) og innbyggjarane der kallast? Blir dei ikkje lenger vestlendingar? Er ikkje ein person frå t.d. Volda lenger vestlending?

Utsegner frå eit par politiske «diktatorar» som – det er her vi bur og likar oss og – dei fekk tilbodet om å vera med – er rett og slett barnslege. Innbillar desse gapatrastene seg at eit kunstig fleirtal i fylkestinga representerer folket i denne samanhengen? Eller er det logring for vankunnige og lite interesserte (i alle fall hittil) sentrale styresmakter?

Dersom idiotiet med samanslåing skal fullførast, er det er berre eitt namn, i to variasjonar, som er dekkande og fornuftig:

Midtre Vestlandet, eventuelt Midtvestlandet.

Det finst hundrevis av slike namn på geografiske område her i landet, store og små. Tilfeldig kan nemnast» Midtre Gauldal, Nord-Østerdalen, Søndre Land, Midtre Sogn m.v. Slike namn gjev t.d. god forklaring på plassering på kartet, i motsetning til framlegget som er nemnt øvst.

Men «gegen die Dummheit» usw, ( eit tysk ordtak).

Sigbjørn Eidsnes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.