annonse

Når vart K5 til ein 4-felts biltunnel?

– JERNBANE OGSÅ
– JERNBANE OGSÅ: – Det viktige no er å jobba for å få alle midlar som trengst til å starta samtidig utbygging av veg og jernbane Arna – Stanghelle, skriv Marthe Hammer og Einar Horvei. (Foto: Illustrasjon frå Statens vegvesen)

Når vart K5 Arna–Stanghelle til ein 4-felts biltunnel Arna–Trengereid?

Spørsmålet er på sin plass fordi i Hordaland Fylkesting si handsaming av høyring til handlingsprogram til nasjonal transportplan 2018 – 2023, var det i opphavleg innstilling sagt at ein vil starta opp med bompengeprosjekt for ny 4-felts biltunnel mellom ASKO i Arna og til Trengereid.

Ja, det er strengt tatt ein del av oppgraderinga av heile Arna–Voss, men det er verkeleg ikkje denne strekninga som er grunnen til at ein har jobba så hardt for å løfta heile Arna–Voss.

Ein ønskjer ny, rassikker veg mellom Trengereid og Voss, og ei betydeleg oppgradering av ein 100 års jernbane.

4-felts biltunnel mellom Asko i Arna og Trengereid løyser ingen av delane, likevel er det denne som vert prioritert i handlingsprogrammet.

Den nye 4-feltstunnelen E16 Arna-Trengereid kan forskoterast med bompengar, og difor set Statens vegvesen denne opp som første prosjekt. Men det viktige no er å jobba for å få alle midlar som trengst til å starta samtidig utbygging av veg og bane frå Arna – Stanghelle.

Ein må faktisk innsjå at ein må venta med 4-feltstunnelen Arna–Trengereid for å sikra at ein har nok midlar til å starta utbygging av jernbanen. SV er uroa over at ny samanhengande veg og jernbane vert utsett nok ein gong, og at det me sit igjen med, er ein 4-felts biltunnel.

SV, Raudt og MDG var også åleine om å stemma for forskottering og samtidig utbygging av K5 jernbane og veg, og ikkje berre vegen E16. I høyringsframlegget som går frå Hordaland Fylkesting til regjeringa, så står det ingen ting om K5 veg og bane Arna–Stanghelle, berre framdrift på vegen E16 Arna–Stanghelle.

Me hadde håpa å få fleirtal for eit tydelegare vedtak for K5, fordi det viktige no er å sikra finansiering og framdrift til å starta samanhengjande utbygging av jernbane og veg så fort som mogleg.

Marthe Hammer, nestleiar Utval for miljø og samferdsle (SV) Einar Horvei, vararepresentant til fylkestinget Hordaland SV

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.