annonse

– Nei til hus i Bømoen!

BØMOEN
Bømoen: – Om Lars Sponheim sine vyer om 30.000 vossingar ein gong skulle verta ein realitet, treng desse eit lågterskeltilbod for å røra seg i naturen. Det finst ingen betre, eller nærare, område enn Bømoen, skriv Sigmund Midttun. (Foto: INGERID JORDAL)

– Det er viktig for dagens vossingar­, og ikkje minst framtidige generasjonar, at Bømoen får liggja urørt.

Der er ikkje eitt godt argument for å opna for bustadbygging i Bømoen. Det viktigaste argumentet imot, er at Bømoen er for verdfull til å byggjast ned. Verdfull som friluftsområde, som rekreasjonsområde, som grøn lunge. I framtida vil den verta endå viktigare. Om Lars Sponheim sine vyer om 30.000 vossingar ein gong skulle verta ein realitet, treng desse eit lågterskeltilbod for å røra seg i naturen. Det finst ingen betre, eller nærare, område enn Bømoen.

Og Bømoen er meir enn Bømoløypa! Som brukar av Bømoen i over 60 år veit eg at her er stiar som er langt meir spennande å gå enn i løypa. Og sjølve løypa misser sin sjarme om den går i utkanten av hagane­ til folk.

Dessutan er det heller ikkje noko skrikande behov som gjer at det trengst byggjast eitt einaste hus her. Skulle Voss brått ha behov for ei stor bustadbygging, i tillegg til den mengda tomter og husvære som alt ligg i kommuneplanen, er det ikkje 4-5 km frå Vangen ein skal ta til. Då ligg Raberget/Tvildemoen klar. Skikkeleg politisk handverk av våre dugande politikarar løyser denne oppgåva. Her får me bustadfelt i gangavstand til Vangen. Det gjer me ikkje i Bømoen. Tvert om, her må ein rekna med auka bilisme. Korleis samsvarar det med omsyn til miljøet?

Fleire har nemnt omsynet til eigarane. Ja, men eigarane visste kva dei gjorde. Vedtaket (frå 2011) som låg føre då dei kjøpte var klart: Ingen bustadhus i Bømoen. Dette vedtaket bør også verta det endelege. Det kan ikkje vera slik at dei med mest pengar og størst maskiner skal ha styringa over korleis Vosse­bygda skal sjå ut i framtida. Utbyggjarane kan utvikla næringsdelen i og rundt den tidlegare militærleiren. Dersom dei ikkje er nøgde med det, bør dei tilby Bømoen til Voss kommune, som då sjølvsagt må betala alle kostnadene utbyggjarane har hatt, pluss renter.

Det er viktig for dagens vossingar­, og ikkje minst framtidige generasjonar, at Bømoen får liggja urørt. Politikarane fann langt over 100 millionar til nytt bad på Vangen. Det var bra. Men for folkehelsa er Bømoen minst like viktig. Eitt nytt hus i Bømoen er eitt for mykje!

Sigmund Midttun

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.