annonse

NSB-blåruss utan styring – resultat som forventa?

VOSS STASJON I AUGUST
VOSS STASJON I AUGUST: Kåre Lie og Marta Midttun, som driv butikken på stasjonen, har hendene fulle med å hjelpa utanlandske turistar som står stranda på Voss stasjon. (Foto: Geir Geitle)

Martha Midttun og Kåre Lie er NSB sitt ubetalte «hjelpekorps» på Voss. Det er gjerne slik NSB har planlagt at det skal fungera på stasjonen?

Hordaland: Livet på Voss stasjon anno 2017, Martha Midttun og Kåre Lie er NSB sitt ubetalte «hjelpekorps» på Voss. Det er gjerne slik NSB har planlagt at det skal fungera på Voss stasjon?

Det kom mange synspunkt og varsel frå kunnige og jordnære folk i media om kva resultatet ein avfolka Voss stasjon kunne medføra. Men slike synspunkt interesserte ikkje NSB-blårussen. Når Hordaland no informerer om situasjonen på Voss stasjon, er det vel ikkje særleg vanskeleg og sjå at ting ikkje fungerer så strålande som blårussen gjerne trudde det skulle.

Martha Midttun og Kåre Lie er, truleg, dei som, lokalt, best kjenner, og dagleg erfarer, resultat av NSB sin «avfolkingspolitikk». Følgjande praktiske «småproblem» er skremmande: Klokka på stasjonen med feil tid vart ikkje retta, men tildekka, manglar papir i billettautomatane (får ingen billett), billettautomat i ustand, toalatt i kjellar med informasjon på norsk (kanskje turistar tissar i buksa?), ingen minibank – før no. Det er ingen som tek ansvar. Jau, det er strålande med ein «avfolka» Voss jernbanestasjon – hurra for dyktig, framsynt og kvalitetsorientert NSB-leiing! (Det skulle ikkje undra meg om mange hyggelege, dyktige og ansvarlege NSB-medarbeidarar – og NSB-pensjonistar – både er ueinige og flaue over sin arbeidsgjevar, når det gjeld «avfolking» av viktige jernbanestasjonar.)

Når det gjeld turiststaden og transportknutepunktet Voss, med stor trafikk og turistar frå heile verda året rundt, vil det, naturleg, vera mange spørsmål og praktiske problem som må løysast, m. a. når det gjeld den populære Norway in a Nutshell-turen (ref. Hordaland 26.08.17). Men NSB-leiarar trur gjerne at ein avfolka jernbanestasjon er akkurat det NSB sine kundar treng når dei treng hjelp, avklaring og svar på sine spørsmål?

Det kan, m. a, vera mange spørsmål berre når det gjeld buss for tog, som NSB nyttar mykje. Det kan vera avgangsstader, reisetider, stoppestader, korrespondanse, billettsystem, betaling, valuta, osv, dvs. spørsmål, reise-problem og uklarheiter som NSB sjølv påfører sine kundar!

Når det gjeld NSB sin «avfolkings-politikk» ser det ut som NSB-blårussen har fått herja vilt – utan styring! Kvar er NSB-leiinga – søv dei?

Kanskje NSB skulle tenkja på kva ein dagleg leiar for ei stor og solid verksemd ein gong sa: «Blåruss er nyttige, men dei må styrast av ein ingeniør / teknolog / ein person som ser heilskap, resultat og konsekvensar»! Noko å tenkja på for NSB?

Odd Himle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.