annonse

NSB og privatisering

SPENNANDE
Spennande: Det kan bli spennande jarnbanetider – både når det gjeld billettpris, og fart på Bergensbanen! skriv Odd Himle. (Foto: Daniel Melve Kvarme)

– Kanskje det er fleire enn eg som synest dette ser ut som mange kokkar og mykje søl?

Tusen takk for dine opplysningar og dine synspunkt, Torstein Trå. Dei var, truleg, til nytte og glede for mange.

Firmaet ENTUR vart registrert i Brønnøysund 4. juli 2016, med formål «Service og billettsalg» og vart i september 2016, endra til ENTUR AS. Men Samferdselsdepartementet etablerte i september i 2016 òg selskapet Reiseplan og billett, som iflg. info, skal overta firmaet ENTUR AS. Men det ser ut som den nye, framtidsretta, og truleg, dynamiske selskapsstrukturen ikkje er heilt oppegåande enno. Søk på nettet etter NSB og jernbanebillettar, gjev, raskt, følgjande info: «Oversikt togbillettar-nsb.no», «Kjøp togbillett-nsb.no», «Våre billettar-nsb.no», osv.

Iflg. det du skriv kan det, kanskje, snart sjå som eit vellukka jernbanesystem i Noreg kan bli som følgjande: Eitt selskap skal selja billettar, fleire selskap (også utanlandske) skal køyra tog, eitt selskap skal eiga togmaterialet, eitt skal skal eiga og drifta «jarnvegen» (skjenesystemt) og, truleg, skal eitt selskap eiga, og drifta, alle «avfolka» jernbanestasjonar, vidare skal, gjerne, eitt selskap tøma toaletta og stå for reinhald av togmaterialet, og det blir gjerne fleire «ekspertselskap»! Og alle desse selskapa må, sjølvsagt, ha ein solid administrasjon, m. a. i tillegg til adm. direktør, ha eit utval av avdelingsdirektørar og informasjonsfolk. Og alle desse skal, i tillegg til skikkeleg løn, gjerne, ha både bonus, bil, telefon, aviser og ymse anna.

Dette blir nok bra, og i tråd med dine opplysningar, Torstein, gjerne med ein konduktør frå eit kinesisk selskap, og eit fransk selskap som køyrer tog i Noreg med billege lokførarar frå eit selskap i Latvia, osv, osv.

Kanskje det er fleire enn eg som synest dette ser ut som mange kokkar og mykje søl? Og kanskje systemet, for fleire enn meg, fører tankane mot «blåruss utan styring»? Blåruss som, truleg, aldri har høyrt, eller har erfaring med, at det enklaste er ofte det beste. Det kan bli spennande jarnbanetider – både når det gjeld billettpris, og fart på Bergensbanen!

Odd Himle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.