annonse

NSB og privatisering – svar til Odd Himle

VOSS STASJON
VOSS STASJON: – Dessverre er du ikkje heilt oppdatert på jernbanen, ser eg. NSB har ingen ting med billettar å gjera lenger, skriv Torstein Trå som gjev oss ei innføring i konglomeratet av ulike selskap som styrer jernbanedrifta. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Dessverre er du ikkje heilt oppdatert på jernbanen, ser eg. NSB har ingen ting med billettar å gjera lenger.

Vår nye regjering har bestemt at all jernbane skal privatiserast, og då har dei oppretta eit nytt selskap som heiter ENTUR.

Dei sel billettar for alle jernbaneselskap i Norge og seinare visstnok buss- og ferjebilttar òg. Dette for at du skal sleppe å kjøpa ny billett kvar gong du byter reisemiddel. (Sjå på billetten din neste gong du reiser, der står det ENTUR). Dette for å gjera det lettare når alle selskapa skal privatiserast.

På same vis er alt togmateriellet eigd av Norsk materiell. NSB berre leiger dette fordi det vert lettare når andre private selskap vinn anbodet om jernbanen.

Er det dårleg materiell og reinhald, er det Jernbanedirektoratet som eig og er ansvarleg for dette.

Så det du har att av NSB i toget, er konduktøren som kontrollerer at du har ein ENTUR- billett, og lokføreren som køyrer Norsk materiell-toget du sit i.

Og kanskje neste gong du reiser er det ein konduktør frå eit kinesisk selskap som kontrollerer billetten du har kjøpt hjå ENTUR, og eit fransk selskap som har lokførar frå Latvia som førar. Då vert det mykje betre på Bergensbanen.

Og eit eventuelt overskot som i dag går tilbake til staten, sender me til Kina eller Franske private invistorar.

Og får du feil på mobilappen som nokre brukar til billett eller togtider, er det eit indisk selskap som skal ordna opp, dei er billegare enn norske.

Då vert alt så mykje betre.

Torstein Trå

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.