annonse

Nullventeliste for sjukeheimplass

FEKK PLASS
FEKK PLASS: Trygve Styve og kona er mellom dei som har fått sjukeheimsplass i Voss kommune. Biletet er brukt for å illustrera saka. (Foto: Sara Finne)

Endeleg vart det gjort offentleg­ kjent kor mange som søkjer sjukeheimplass på Voss, og kor mange som får avslag.

Takk til ordføraren for det. Det har ikkje vore enkelt å få desse tala. Eg har sjølv vore med som medlem i styret for eit pensjonistlag to gonger å senda brev til kommunen om dette. Me vart ikkje vørde svar eingong.

Når det gjeld kommunen sitt ønskje om at flest mogeleg skal kunna bu heime lengst mogeleg, så er vel dei fleste av oss samde i at det er både rett og bra. For dei fleste er det å kunna bu heime lengst mogeleg eit sterkt ønskje. Og sjølvsagt veldig bra med turvande helsehjelp som føresetnad. Men når brukaren/pasienten kjenner at no klarar eg meg ikkje heime lenger, men kommunen meiner­ at det klarar du, då vert det vanskeleg. Og er det så sikkert at kommunen alltid veit best? Korleis kan ein veta så sikkert kva som er best for ein annan person?

I Pasient og brukerrettighetslova, § 3-1, står det: Tjeneste­tilbudet skal så langt som mulig utformes i samarbeid med pasient og bruker. Det skal legges stor vekt på hva pasienten og brukeren mener ved utforming av tjenestetilbudet etter helse og brukerrettighetsloven,§§ 3-2,første ledd nr 6, 3-6 og 3-8. (Sitert frå IPLOS, som kommunen bruker ved tildeling). Pasienten og brukaren si meining skal alså tilleggast STOR VEKT.

Den doblinga som tala for avslag på søknad om sjukeheimsplass viser frå 2016 til 2017 (frå 10 til 20, så langt I år), kan hanga saman med den endringa som vart gjort i «Forslag til Forskrift om tildeling av langtidsplass i sjukeheim eller omsorgsbustad med heildøgns tenester.»

I vedtaket i kommunestyret 22.06.2017 heiter overskrifta slik: «Forskrift om tildeling av langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad med særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester.»

Her er det ein stor skilnad: ordet «omsorgsbustad» er teke ut, og erstatta med «tilsvarande bustad med særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester:»

Det vil seia at ein privat bustad (heime) med tilrettelagt for heildøgns tenester, vert likestilt mesd langtidsplass i sjukeheim. Men dei to tilboda kan då umoge­leg sidestillast? Det er sikkert rett at i ein del (mange?) tilfelle kan eit tilbod med heildøgns tenester vera tilfredsstillande, men som generelt prinsipp? Neppe! Men for å få ventelistene til null, kan det vera ei tenleg formulering. Ventelistene er definert vekk!

I grunnen er vel «avslagslista» eit anna ord for «venteliste». For dei som søkte om langtidsplass meinte vel alvor med søknaden sin, at det var langtidsplass dei ønskte seg?

Hans Grove

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.