annonse

Ny barne- og ungdomsskule på Dale

DALE SKULE
DALE SKULE: – Det blir fantastisk å få ein ny skule, men prosessen og stadvalet har lagt ein dempar på gleda over å byggja ein ny skule, skriv Anneli Vatle Lilletvedt og Boris Groth. Fotoet viser Dale skule der også den nye skulen skal byggjast. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Vedtaket om kvar den nye skulen på Dale skal byggjast, er gjort, likeeins at modulskulen skal plasserast på Stanghelle.

Ordførar, varaordførar, Ap, Sp og KrF-politikarar må gå ut i pressa og forklara sitt standpunkt for innbyggjarane som ikkje forstår deira val.

Det er dei ikkje åleine om. Politikarane som stemte mot dette vedtaket, set at med mange spørsmål som me ikkje har fått svar på – både det som gjeld plassering av skulebygget og flytting av elevane til Stanghelle.

I kommunestyret fekk me ein kjapp gjennomgang av alternativet Sandliane.

Konklusjonen var at det let seg gjera å plassera skulebygget der, men det ville ta litt lenger tid før bygget stod ferdig.

I kommuneplanen står det at openheit og nytenking er det som skal prega kommunen si framtidige satsing. Kan ikkje sjå at det er tatt med i vurderinga her.

Det at dei 14 folkevalde i posisjonen­ totalt oversåg innbyggjarinitiativet og sa nei til ei grundig utgreiing av Sandliane, var overraskande, at dei oversåg opposisjonen sine innspel, var ikkje det. Korleis kan ein ta ei slik avgjersle om ei investering på over ein kvart milliard kroner, utan at det er lagt ei grundig og heilheitleg utgreiing til grunn?

Når ein tek opp utvikling av Dale som stad og kommunesenter, blir ein møtt med tausheit, dei 10 siste åra har ikkje dette stått på den politiske sakslista.

Modulskule på Stanghelle er ikkje noko godt alternativ, så lenge det finst andre betre løysingar. Det blir ei utfordring for elevar, foreldre og lærarar når 90 elevar i tillegg til dei 93 som alt går der skal ha sin skulekvardag på Stanghelle. Noko som også kjem til å angå vaksdalselevane når den tid kjem. For ikkje å snakka om at det vil virka inn på det fine uteom­rådet som er bygd på dugnad.

Denne investeringa er eit kjempeløft for Vaksdal kommune. Det blir fantastisk å få ein ny skule, men prosessen og stadvalet har lagt ein dempar på gleda over å byggja ein ny skule.

Anneli Vatle Lilletvedt, Vaksdal Høgre

Boris Groth, Vaksdal Frp

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.