annonse

Ny bil?

E-GOLF
E-GOLF: – Me ser at utviklinga på bilmarknaden går fort og trendane skiftar. Det grøne skiftet krev nytenking. Er det mogeleg å laga ein bil der ein tek i bruk andre energiformer for å få bilen til å gå? spør Maria Ure Opheimsvangen, Kristian Hegland og Martin Rasmussen Kleppe. (Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix)

I Noreg køyrer 3.4 millionar personar bil. Bilen er eit nødvendig framkomstmiddel særleg på landsbygda.

No er det stor satsing på elbilar. Bensin og dieselbilar vert stadig mindre populære. Elbilen overtek marknaden meir og meir.

Me ser at utviklinga på bilmarknaden går fort og trendane skiftar. Det grøne skiftet krev nytenking. Er det mogeleg å laga ein bil der ein tek i bruk andre energiformer for å få bilen til å gå? Me må tenkja utradisjonelt!

Kva med solfangar? Det er noko me finn på mange hytter. Kvifor kan ikkje me setja dei på bilar? Då har me ein bil som lager eigen energi når den står i ro, og når den køyrer. Då har me ein bil som kan køyra veldig langt utan å lada, og som lagar eigen energi.

Men problemet er at du kanskje ikkje får nok energi til å køyra lange turar. Kva med hydrogen?

Det finst ikkje så mange hydrogenbilar i Norge. Der er utsleppet berre vatn, men det er veldig få hydrogenstasjonar i Norge. I Trondheim vil dei at tog og lastebilar skal gå på hydrogen. Det går føre seg forsking på dette på NTNU i Trondheim.

NTNU har sikra seg kontrakt med leiande produsent av brenselcellebilar. Japan og Sør-Korea satsar tungt på denne bilutviklinga med tanke på miljøet og framtida. Ifølgje Møller-Holst på NTNU i ein artikkel frå 2017, vil Noreg vurdera å ta i bruk hydrogendrivne tog.

Skal du kjøpa ny bil med det første? Hydrogenbil? Da må me ta eit felles tak for å få ladestasjonar.

Maria Ure Opheimsvangen, Kristian Hegland og Martin Rasmussen Kleppe

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.