annonse

Ny start på Hjeltnes produksjonsskule

NY START PÅ HJELTNES
NY START PÅ HJELTNES: – Etter eit år på Hjeltnes vil ein truleg nokre år etterpå finna mange att på viktige stader i ulikt arbeid for samfunnet. Hjeltnes kjenner til kva ressursar og mogelegheiter den einskilde har, skriv Steinar Bergo. (Foto: Privat)

Eit felles prosjekt til ungdommen i Hordaland sitt beste.

Politikarane har skjønt verdien av å tradisjon, kompetanse, bygningar og dei mange aktivitetstilboda ved tidlegare Hjeltnes gartnarskule/Hjeltnes vgs.. No er det opp til skuleverket i fylket å skapa eit spennande tilbod til dei som har droppa ut av skulen. Eit nytt og lukkeleg liv kjem ikkje av seg sjølv, og eit samarbeid mellom lokale krefter og skulane i Hordaland er naudsynt for å skapa eit tilbod som kan få ungdommar på skinnene att.

Det har svinga med elevtalet i skulen si nesten 120 år gamle soge. Men eg hugsar frå mi arbeidstid på Hjeltnes at ein gong elevinspektør og eg som rådgjevar, hadde eit informasjonsmøte med rådgjevarane i fylket og fekk 22 elevar på neste grunnkurs. Det var «blanda drops», elevar med ei brokut skulehistorie, men ingen av dei slutta! Skulen kan som internatskule på ein skjerma stad, visa til tallause tilfelle der elevar med vanskar som rus, pyskiske problem og mangel på rutinar og sosiale vanskar fekk orden på livet sitt.

Det er flott å møta slike att seinare med familie, jobb og eit ordna, godt liv. For samfunnet som reknar i kroner, så er slike livshistoriar gull verd!

Me som har arbeidd på Hjeltnes, sluttar aldri å ha omtanke for skulen. Det er viktig at dei som skal driva skulen som produksjonsskule, tenkjer nytt og spenstig, og ikkje berre flikkar på gammal praksis. Ein må hugsa på at dette ikkje er ei einsarta gruppe, men det dei har felles, er at dei ikkje har lukkast i den vidaregåande skulen. Dei «har mista tråden», spora av, og skule for desse er eit omgrep fylt av negative opplevingar og tankar.

Truleg har dei låg sjølvkjensle og kjenner seg mislukka. Difor ville eg ha starta med å kasta ut pultane og laga ei anna fysisk organisering. Det å starta å gjera noko i lag kan vera å gå tur eller litt arbeid ute som Hjeltnes gjev gode høve til. Men aller helst ville eg ha gripe fatt i Gulebygningen, som bortset frå biblioteket i kjellaren har stått tom i snart to tiår. Tre klasserom, to med skiljevegg, kan gje gje rom for mange ulike aktivitetar som kafe, spelerom, dans, teater, musikk ...

Å «pussa opp» og innreia gjev fellesskap og eigartilhøve. På eit seinare tidspunkt kan ein drøfta erfaringane, ei slags «prosjekttenking» der ein arbeider og ser etterå kva ein har lært. I staden for å starta med teori og planar, så vert vegen til medan ein går! Meir strukturert fagleg læring både i teori og praksis må koma etter kvart og tilpassast evner og interesser den einskilde har.

Det å prestera gjev sjølvkjensle. Fellesskap med andre gjev sosial trening. Bufelleskap med god oppfylging gjev sosial kontroll og rutinar. Alt dette treng desse unge. I tillegg treng dei å ha det kjekt å få gneisten tilbake. Det er faktisk ikkje «direkte skadeleg» om læringa er lystbetont!

Ein må satsa på «fritida» og tenkja som ein folkehøgskule der det heile ein «ein pakke» som tek hand om heile tilværet. Frp som gjekk imot skule på Hjeltnes, brukte som argument at han ligg for langt frå Bergen. Folk som ikkje har pedagogisk kompetanse, tenkjer gjerne slik, med det er nettopp ein av nøklane til å lukkast. Nytt miljø og ein stad der dei kan leva eit heilt tilvære gjev unike mogelegheiter. Hjeltnes er kanskje einaste vidaregåande skulen i fylket, utanom folkehøgskulane, som har internat.

Rådgjevarane, gjerne òg foreldra til elevar som slit, bør ta seg ein tur til Hjeltnes og sjå. Erfaringar frå tidlegare drift har synt at dei får ei aha-oppleving når dei har vore innom.

Ein må truleg rekna med at gutane vert i fleirtal, men medansvar for reinhald og matlaging kan gje både meining og læring. Mobiltelefonen, som somme vil forby i skuletida, er ein utmerka arbeidsreiskap. Han kan brukast både til skriving og dokumentasjon av prosessar.

Skulen bør ha eiga Facebook-side til kontakt med venner og andre skular.

Skulen må så snart råd er, koma i gang med å kontakta sluttarane i inneverande skuleår og ikkje utsetja opptaket til sluttarane i neste skuleår. Kanskje nokon som no går på Nav og har datakunnskap, kan ta utfordringa med å laga ei god Facebook-side. Det hastar å koma i gang!

Hugs dette er ikkje «andre sortering», men ein ressurs og ressurpersonar som må «resetjast».

Tilpassa opplæring har vore eit honnørord i skulen i fleire tiår, men skuleverket passar framleis best for A4-elevar. Langt frå alle trivest på ein pult i ein «lytte- og sitjeskule». Rabulistar og drøymarar viser seg ofte å kunna koma med nye og gode idear. Det er gjerne draumane som har ført verda vidare!

Etter eit år på Hjeltnes vil ein truleg nokre år etterpå finna mange att på viktige stader i ulikt arbeid for samfunnet.

Hjeltnes kjenner til kva ressursar og mogelegheiter den einskilde har! Velkommen til Hjeltnes produksjonsskule og ein ny og frisk start!

Steinar I. Bergo, tidlegare lektor og rådgjevar på Hjeltnes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.