annonse

Nynorsk eller bokmål for innvandrarar?

BOKMÅL ELLER NYNORSK?
BOKMÅL ELLER NYNORSK?: «Somme meiner at me om 100 år skriv engelsk i dette landet. I mange fagmiljø og i avhandlingar er dette alt røyndom. Men det er ikkje så dumt å bruka hovudet. Det gjeld ikkje minst i didaktisk og pedagogisk samanheng», skriv Steinar I. Bergo. Biletet er frå innføringsklassen i norsk på Vangen skule, og er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Språk og identitet heng saman. Likevel er det viktig å kunna så mange språk som mogeleg.

Språk er som skuffer eller Appar som ein opnar og lukkar etter kontekst og behov. Språka må røktast og haldast reine.

Engelsk invaderer både norsk og andre språk i dag. I tillegg er det i ferd med å verta heile verdas «esperanto»! Det siste kan vera praktisk, men det fyrste er øydeleggjande for språka sin identitet.

I Noreg har me to skriftspråk som har lege i strid sidan Jamstellingsvedtaket i 1885. Skuleelevar kan velja språk og såleis få lærebøkene på sitt skriftspråk anten dei bur i ein by eller på bygda.

Når det gjeld kommunal forvalting, kan du krevja å få svar på ditt språk. Ein soldat skal ha nekta å dimmitera før han fekk teksten på nynorsk!

Hordaland fylke er eit nynorskfylke. I staden for å stridast om nynorsk eller bokmål, så burde kvart språk «halda sin åker rein», og så kunne ein samarbeida om å hindra forfall og anglifiseringa av norsk. Somme meiner at me om 100 år skriv engelsk i dette landet. I mange fagmiljø og i avhandlingar er dette alt røyndom. Men det er ikkje så dumt å bruka hovudet. Det gjeld ikkje minst i didaktisk og pedagogisk samanheng.

Både skuleverket og kommunal forvalting må driva skulering av bokmålsskrivarar og korrekturlesing av tekstar, men i visse andre samanhengar må pedagogisk og didaktisk fornuft overstyra kjenslene. Eg underviste ei samansett gruppe med innvandrar frå Uganda, Marokko, Kurdistan, Serbia, Tailand ... Dei skulle sjølvsagt læra nynorsk, sjølv om nokon hadde vore borti bokmål før. Mesteparten av materiellet var på nynorsk, men hjelp på internett og tilleggsmateriell fanst på bokmål. Elevane møtte ei rad med ulike ord og bøyingsformer, éin slutta på grunn av nynorsken.

I 2015 kom det over 100 asylsøkjarar til Ulvik. For at dei skulle få noko å fylla tida med, og for at norsk språk ville vera eit must for dei som skulle få bli, så arrangerte to pensjonerte lærarar på initiativ av ein omtenksam skulefagleg ansvarleg, språkkurs i Kongresshallen. Me laga eit praktisk kurs som hovudsakleg besto av dialogar om daglegdagse situasjonar som å gå på butikken, ta bussen, gå på kafe ... På bokmål! Me hadde både lærerike og hyggelege timar.

Seinare flytte heile asylsøkjargruppa til gamle lærarskulen på Landås i Bergen, der vart det sjølvsagt bokmål.

I seinare tid har eg undervist litt ei gruppe av syrarar i Ulvik. Borsett frå ein av dei som har hatt bokmål tidlegare, så er dei andre «dømde» til å skriva nynorsk. Med unntak av ein som har moro med å læra «erkenynorsk» (som «mjødne» for hofta), så møter dei store vanskar. Særleg gjeld det litt konservativ nynorsk, men òg ulike ord på nynorsk og bokmål i lett blanding, og ikkje minst morfologi! Eg trur det ville vore lettare å late desse få materiellet på bokmål. Når ein tek til å søkja på nettet i offentlege organ som skal hjelpa innvandrarar, så finn ein kanskje litt nynorsk og så mykje meir på bokmål.

Når ikkje skulane og offentleg verksemd klarer å halda stien sin rein, kva kan ein då venta av desse som gjerne har liten skulegang og til overmål berre har skrive arabiske teikn? Ein lærar sa at dersom ein ikkje skal undervisa innvandrarar i nynorsk på bygdene, så kvar skal dei då undervisa i nynorsk. Det er eit godt argument for! Men det syner seg at dei fleste innvandrarar lærer bokmål lettare. Dei les og høyrer mykje bokmål, sjølv om det er naturleg at borna som går på skulen, lærer same skriftspråket som medelevane. Når ein vel nynorsk som opplæringsspråk, må ein i alle fall ikkje sitja med ordlista og velja gamle og ukurante ord. Då vil innvandrarane bruka eit språk som du må tilbake til ein dårleg film frå 1920-åra for å finna.

I materiell har eg funne ord som «jordepleåkeren» for potetåkeren, «vitjing» for besøk, «munngott» for snop (står heller ikkje i nynorsk ordliste), «vågemål» for veddemål, «truge» (når alle seier true, og det står i ordlista) eller «fjos» (fjøs, når berre fjøs står i ordlista). Kor mange nynorskbrukarar seier velkomen i staden for velkommen? Det gjeld å bruka moderne og gangbare ord.

Dei skal skrivast og lesast frå høgre. Eg trur me skulle vore nøgde om me kunne gjort oss forståtte på arabisk. Litt surr med dialektar og bøyingar måtte me ha godteke! Heldigvis er skotpremien på ein pensjonist liten, sjølv om Staten synest me vert for mange. Difor vågar eg i «nynorskland» å oppfordra til ein diskusjon om undervisninga av asylsøkjarar. I eit samfunn der jamvel mange på bygdene skriv og snakkar bokmål, skulle det vera uproblematisk å læra asylsøkjarane bokmål.

For å avslutta litt flåsete kunne eg føreslå fylgjande: Kvifor ikkje lata dei radbrekka bokmålet i staden for nynorsken!

Steinar I. Bergo

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.