annonse

Nytale eller nytenking?

NOK SJUKEHEIMSPLASSAR?
NOK SJUKEHEIMSPLASSAR?: «Sidan 2014 har sjukeheimsdekninga på Voss gått ned frå 19,6 prosent til 16,6 prosent. Det høyrer med til soga at medan det skjedde, var det forbode å ha og offentleggjera ventelister.», skriv Arne Andersen. På biletet er Trygve Styve i lag med kona Anna, som har kjempa for ein sjukeheimsplass på Voss. (Foto: Sara Finne)

– Det manglar minst 32 sengeplassar i Voss kommune, skal me tru ein rapport frå Fylkeslegen i Hordaland.

Gjer de noko slikt, kjem de til å skapa ein ufatteleg tragedie». Slik tala dåverande kommuneoverlege i Tromsø på eit landsomfattande helse- og omsorgseminar på Voss kring 1990. Nokon hadde fremja ein påstand om at sjukeheimar var gamaldagse, dyre og lite tenlege, det var dags å tenkja nytt. Kommuneoverlegen sine ord var ei kontant avvising av påstanden. Handlingsplanane på den tida hadde som mål at sjukeheimsdekninga pluss omsorgsbustader med heildøgeromsorg skulle vera 28 prosent av talet på innbyggjarar over 80 år.

Dei siste åra har den førre kommunalsjefen i helse- og omsorgsektoren på Voss skrive hundrevis av sider til kommunestyret. Sams for alle dei ordtunge utgreiingane hennar har vore at i vår moderne tid er reparasjon (dvs pleie og omsorg) ut, gamaldags, medan førebygging er in. Ein lyt dessutan tenkja nytt. Alt dette læt merkeleg kjent.

Sidan 2014 har sjukeheimsdekninga på Voss gått ned frå 19,6 prosent til 16,6 prosent. Det høyrer med til soga at medan det skjedde, var det forbode å ha og offentleggjera ventelister. Fylkeslegen i Hordaland bruka i 2014 nesten heile året på å kartleggja stoda i fylket. Rapporten på 4 sider i klårtekst ligg lett tilgjengeleg på nettet. Han er truleg hata som pesten av kommuneleiinga. Ei av slutningane er slik:

«Svarene (frå kommunane) gir støtte til at antall plasser som hovedregel bør ligge over 20% av antall innbyggere over 80 år.» I så fall vantar det minst 32 sengeplassar i Voss kommune. Eg er stygt redd for at både kommuneoverlegen og fylkeslegen visste og veit kva dei snakka og snakkar om.

Arne Andersen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.