annonse

Nytt syn på kraftlinje til Myrkdalen

KRAFTLINE
KRAFTLINE: «Me må no snarast få idear og forslag til planar om ei mindre kraftlinje til Myrkdalen. Kan ein ta ein open diskusjon om fordelar og manglar med ei mindre kraftlinje no, i staden for å venta på ei stor linje på 132 kV? Har ikkje manglande openheit i planlegging alt forseinka utbygginga?», skriv Ivar Husdal. (Foto: Privat)

Godt nytt at Oppheimsdalen skal vernast mot master for 132 kV kraftlinje, og at Voss Energi Nett vil legge kraftlinja der det er ein del infrastruktur frå før.

Voss Energi Nett har lagt avgjerande vekt på at kraftlinja vil øydelegga stølane i Oppheimsdalen visuelt. Ingen vil trivast i ei stølsgrend med kraftlinje i synsområdet.

Voss Energi Nett har ikkje offentleggjort andre alternativ enn å leggja 132 kV linja forbi stølen Øyaset. Infrastrukturen på Øyaset er heit lik infrastrukturen i Oppheimsdalen. Ein rask tur med bil fram til stølane kan stadfesta dette for dei som tvilar. Sjå og tekst og bilete i «Stølsboka» av Johannes Gjerdåker. Voss kommune sine fyrste tankar om kraftlinje til Myrkdalen var gode: Legg ny linje der det er infrastruktur frå før.

Kraftlinja som er planlagt over Tone, Øyaset og stølen Fossen er vide synleg frå fjella og bygdene omkring. Voss Energi Nett har ikkje vist synlighetskart for denne linja. Det er dataprogram for dette.

Ei kraftline som er så sterkt framheva i terrenget, kan gje grunnlag for ei omfattande ankesak, vurdert opp mot alternativa.

Voss Energi Nett har leveringplikt for nok energi til Myrkdalen. Den plikta går ikkje utover 10 års perspektiv. Den planlagde linja på 132 kV er i 100 års perspektiv. Voss Energi Nett skriv at det i framtida ikkje vil vera nok berre å duplisera den 22 kV linja som no er i bruk.

Spørsmål til alle som les dette: Skal me no gje bort ikkje-fornybar-natur, i byte mot at ein framtida skal sleppa å fornya ei kraftline?

Me må no snarast få idear og forslag til planar om ei mindre kraftlinje til Myrkdalen. Kan ein ta ein open diskusjon om fordelar og manglar med ei mindre kraftlinje no, i staden for å venta på ei stor linje på 132 kV? Har ikkje manglande openheit i planlegging alt forseinka utbygginga?

Ein hovudressurs i økonomien til Voss kommune er tilgjengeleg og tiltrekkjande natur. Og trivsel er drivkrafta for at folk skal bruka tid og pengar i området.

Folk som trivst i naturen no, tek spontant foto og video og deler det over internett. Kraftlinje i bakgrunnen gjev hakeslepp. Heile Voss er eit pressområde med hyttebygging og fritidsaktivitetar. Det gjev verdiskaping. Då må ein vera varsam med å bandleggja store område med ei kraftlinje. Naturen mellom Oppheim og Myrkdalen er særeigen og mange kjenner ikkje potensialet for verdiskaping der.

No må Myrkdalen få meir el-energi, snart og skånsamt. Og om ca 10-15 år kan ein raskt supplera Myrkdalen med meir energi ut frå den framtida ein ser då.

Ivar Husdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.