annonse

Om Bømoen og reguleringsplanen for skyte- og øvingsfeltet Mjølfjell–Brandset

BØMOEN FLYPLASS
BØMOEN FLYPLASS: – Flyplassområdet bør takast ut av det pågåande planarbeidet for Bømoen. Kommunen bør laga eigen plan for flyplassen etter 2022, meiner Arve Søgaard. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Dette er to sider av same sak. Trass i at Skifte Eigedom klarte å få Voss kommune til å tru at dette var to separate saker.

Dette var dessverre ikkje det einaste som Skifte Eigedom klarte å få kommunen til å tru på:

1. Makeskifte-avtalen vart knapt nemnd i prosjektet, som ein ubetydeleg «festeavtale». Skytefeltet vart ikkje omtala i det heile.

2. Kommunen vart fortalt at dei hadde forkjøpsrett til Bømoen for 54 mill. kr. Eit ultimatum? Eigedomen gjekk for 42 mill kr. Eg kan ikkje sjå at kommunen då fekk drøfta forkjøpsretten. Kommunen hadde etter statlege retningsliner «første rett» til å ta over eigedomen.

Ikkje forkjøpsrett.

3. I tillegg til kjøpeprisen på 54 mill kr sette Skifte Eigedom som vilkår at alt vidare sal som gjev forteneste skal gå attende til Forsvaret. Ein heilt meiningslaus og truleg heilt ulovleg atterhald. Ein slik klausul kunne berre setjast om kommunen fekk eigedomen vederlagsfritt – slik det vart praktisert andre plassar i landet.

Kommunen la denne klausulen inn som eit argument mot å kjøpa Bømoen.

4. Kommunen ville ta over flyplassen. «Det gjekk ikkje», sa Skifte Eigedom. Alt måtte seljast under eitt. Dette var òg etter mi meining heilt feil.

Men det dumme var at kommunen la også dette til grunn i sine vurderingar! Dei hadde ikkje fått med seg at kommunen alt hadde betalt for flyplassen gjennom makeskifte-avtalen. Ikkje berre ved avtalen av 1972/73, men også ved avtalen av 1976 – då kommunen bygde veg til flyplassen. Som motyting vart grensa for øvingsfeltet då «justert» slik at den følgjer Øvsthuselva. Samstundes vart det understreka at kommunen sine rettar i samsvar med avtalen av 1972 var uendra.

5. Kommunen «betalte» for sine rettar på og rundt flyplassen med å stilla sine eigedomar i Brandsetdalen til disposisjon for skyte- og øvingsfelt.

Vidare skulle kommunen» «medverka til at å leggja ut til militært skyte- og øvingsfelt i Mjølfjellområdet, Kyrkjeteigane og ovannemnde del av Oppheim og Vinje Almenning, samt andre tilsluttande område som Forsvaret erverver bruksrett til.» Det skjer no gjennom reguleringsplanarbeidet for Mjølfjell-Brandset skyte- og øvingsfelt.

Kva med denne delen av makeskifteavtalen? Avtalen går ut i 2022, svarte Skifte. Det er rett, men kva etter den tid? Skal skytefeltet leggjast ned? Nei, det visste dei ikkje.

«Det som skjer det skjer,» sa dei. Ordføraren fekk same spørsmålet. Han visste heller ikkje. Han stolte på forsvaret, dvs. Skifte. Forsvaret vart aldri spurt. Han lurte på om eg visste betre. Ja, eg visste betre. Det gjorde mange med meg.

6. Samstundes som Skifte og kommunen «ikkje visste» noko om framtida for skytefeltet, låg det ei sak på teknisk etat (saka hadde lege der i lang tid), om nettopp regulering av skyte og øvingsfeltet i Mjølfjell/Brandset. Kommunen visste då, eller burde forstått, at avtalen ville verta fornya på uavgrensa tid, men dei klarte altså ikkje å sjå denne saka i samanheng med Bømosaka?

7. Makeskifteavtalen, som m.a. skal sikra forsvaret sine bruksrettar i Brandsetområdet, kan forlengjast etter avtale mellom partane. Dvs. av Voss kommune og Departementet.

Skifte eigedom har aldri fått fullmakt til å endra avtalen som ville medført at skytefeltet vart nedlagt. Det visste Skifte Eigedom. Kravet som dei sette om at flyplassen måtte seljast saman med resten av Bømoen, var feil og reint maktmisbruk. Når dei så oppdaga at dette ville få konsekvensar for Skyte- og Øvingsfeltet, svarte dei: «Det som skjer, det skjer.» Har nokon høyrt på maken?

Problemet var at kommunen tok det for «god fisk» og la det inn i sine vurderingar.

Viktige opplysningar, spesielt for flyinteressene og leigetakarar langs flystripa, kom såleis ikkje fram.

8. Dersom makeskifteavtalen ikkje vert endra, har Voss kommune full «eigdomsrett» og bruksrett til Bomoen flyplass med omland slik vedlagt kartskisse viser. (Bilag til avtalen av 1972/73) Etter avtalen skal flyplassen m.m., brukast til sivil luftfart pkt. 1 i avtalen og kan utvidast med godkjenning av forsvaret. Dette har vore gjort fleire gonger. Voss kommune «eig» såleis også festeavtalane med leigetakarane langs flystripa og vedtek vilkåra for desse.

Desse avtalane er inngått med å visa til makeskifteavtalen.

KRITISK
KRITISK: – Reguleringsarbeidet for Mjølfjell–Brandset skyte- og øvingsfelt må stoppast straks, oppmodar Arve Søgaard, tidlegare rådmann på Voss. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Så difor må: Flyplassområdet takast ut av det pågåande planarbeidet for Bømoen. Kommunen bør laga eigen plan for flyplassen etter 2022 (dersom avtalen vert forlengja) der sivil luftfart vert sikra gode forhold i samsvar med avtalen.

Reguleringsarbeidet for Mjølfjell–Brandset skyte- og øvingsfelt må stoppast straks!

Forsvaret må rydda opp i det rotet som Skifte Eigedom har laga til og betala full erstatning til kommunen. Erstatninga bør vera grunnlag for innløysing av resten av Bømoen – om grunneigarane vil.

Kommunen kan då stå fritt til å styra utviklinga av Bømoen.

Erstatninga må utmålast med utgangspunkt i at Flyplassen har same verdi for kommunen som Brandsetområda har for Forsvaret.

Forlenging av avtalane må godkjennast før reguleringsplanane vert vidareført.

Forsvaret har såleis ingen rettar på kommunen sine eigedomar i skytefeltet etter 2022.

Reguleringsarbeidet fekk difor no hastverk, men likevel ikkje før salet av Bømoen var avslutta. Tilfeldig?

Kommunen bør no ta saka opp med Forsvarsdepartementet og Forsvarets Bygningsteneste, som er ansvarlege for makeskifteavtalane, med spørsmål om dei ønskjer å forlengja avtalane.

Arve Søgaard

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.