annonse

Om dei anonyme frå hovudstaden

FEKK PRIS
FEKK PRIS: Ottar Brox fekk Skjervheimprisen 2017. (Foto: Karl Ystanes)
UNDRAR
UNDRAR: Hermund Slaattelid lurar på kvifor givarane bak prisen skal halda seg anonyme. (Foto: Vidar Herre)

Kvifor er gjevarane av pengebeløpet som ligg i Skjervheimprisen anonyme?

Som Hordaland melde sist tysdag fekk Ottar Brox Skjervheimprisen 2017 for arbeidet sitt innan forskning, politikk og samfunnsliv i eit langt liv.

Prisen er på 50.000 kr som vert gjeven av nokre som vert refererte til som «anonyme vener i Oslo». Dette er ein flokk engasjerte menneske med stor godhug og vyrdnad for Hans Skjervheim sitt verk i norsk åndsliv.

Når ein spør nokon som høyrer til denne flokken om kvifor dei er så glade i Skjervheim og set pris på Skjervheimseminaret, så svarer dei mellom anna: Dei likar at Skjervheim er ein ven av samtalen og det å høyre etter når andre enn dei lærde talar, dei likar ikkje å bli lurte opp i stry av dei mektige og taleføre, og dei meiner det er viktig at motkrefter finst i samfunnet vårt.

Men kvifor legg dei slik vekt på å vere anonyme, spør mange.

Svar: Fordi det no til dags framom alt gjeld å synast, å vera midtpunkt, i sentrum for interessa. Ingenting er så viktig som «å bli sett».

Dei anonyme Skjervheimvenene i Oslo tenkjer at dette hysteriet etter å bli sett ofte tek merksemda bort frå det som er viktige spørsmål i samfunnet. Dette vil dei ikkje vere med på.

Dei treng ikkje merksemd, men det gjer sakene dei er opptekne av. Difor vil dei vera anonyme.

Hermund Slaattelid

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.