annonse

Om Kvanndalselva

URØRT PERLE
URØRT PERLE: Kvanndalselva sett oppover i dalen, frå gangbrua. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Kjære Synnøve Kvamme. Tusen takk for ditt innlegg i laurdagsavisa med fire gode grunnar for å bevara Kvanndalselva.

Me i Kvanndal er heldige som har ein forkjempar som deg! Måtte dei berre ta det til seg, dei «som har noko med det». Eg trur at alle i Kvanndal er samde med deg, men me er ikkje så mange, og ikkje alle likar å stikka hovudet fram med meiningane sine.

Me er få, ja, men denne urørte elva er til glede for mange turgåarar i dag, og fleire vil det bli i framtida, jfr. planane om å opprusta den gamle buførevegen (sherpa-trapper).

Ein annan ting som uroar meg, er at denne saka kan skapa vondt blod mellom folkedøler og kvanndøler. Me har alltid hatt eit godt forhold til kvarandre i desse to grendene, men eg er redd for at det kan verta meir anstrengt om det går som utbyggjarane vil. I eit slikt lite samfunn, der alle kjenner alle, har ein ikkje råd til uvenskap.

Ragnhild Mjør

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.