annonse

Om sjukeheimsplassar på Voss

NYE UTFORDRINGAR
NYE UTFORDRINGAR: – Stadig fleire eldre skaper nye utfordringar for velferdskommunen. Det er ikkje sikkert svara me hadde i går, er svara for framtida, skriv ordførar Hans-Erik Ringkjøb, her på synfaring på Voss sjukeheim. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb svarar på spørsmål om kommunen sine sjukeheimsplassar.

Eg viser til følgjande spørsmål frå Øyvind Bekkenes om sjukeheimsplassar: Har kommunen venteliste og kor mange står på denne? Har kommunen ledige rom pr.d.d.? Kor mange har teke kontakt med ordførar og varaordførar vedk. trong for sjukeheimplass? Har kommunen endra dei «harde» krava som Trengereid innførte for å få sjukeheimplass?

Til dei konkrete spørsmåla har eg følgjande svar: Det vart i sommar innført nye nasjonale reglar som seier at alle kommunar skal oppretta ventelister dersom det er personar som ventar på plass på sjukeheimar. Dette har me òg gjort på Voss. Pr i dag er det ingen på venteliste, og det er òg slik at det er ledige plassar i institusjon. I mine seks år som ordførar er det ved eit par høve at innbyggjarar har teke kontakt med meg om sjukeheimsplass, og ingen har kontakta varaordføraren.

Når det gjeld tildelingskriteria, er ikkje det noko administrasjonen i kommunen har innført. Tildelingskriteria er politisk vedtekne. Tildelingskriteria er under evaluering, noko som me gjer jamleg. Dette arbeidet starta me på i mars i år. Prosjektgruppa har vore breitt samansett, med representantar frå institusjon, heimetenesta, kommuneoverlege, eldrerådet o.l. Under arbeidet kom det fram at det var lite endringsforslag til kriteria slik dei føreligg. Ut frå det har ein lagt til grunn at dei er i samsvar med lovverket som styrer kva som må til for å få tildelt omsorg i langtidsvedtak.

Sjølv om situasjonen akkurat no er som vist ovanfor, er det avgjerande å ha med seg at dette kan endra seg raskt, både at det vert fullt på sjukeheimane og at me får venteliste. For å få eit godt bilete bør me sjå det over tid, og på den måten kan me endå betre dimensjonera tilbodet om sjukeheimsplassar i kommunen.

Dei konkrete spørsmåla til Bekkenes er vitige, men den grunnleggjande utfordringa er at me står overfor ein situasjon der me blir stadig fleire eldre. Fleire av oss kjem til å leva med sjukdomar lengre, og i sum får me auka press på omsorgstenestene våre. Det er den situasjonen me står midt oppi. Det handlar om å gje hjelp, men òg hjelp på rett nivå og med rett omfang. Her er det store endringar på gang, der ein til dømes byggjer tenester og tiltak som skal gjera det enklare å bu heime, til dei store omfattande tiltaka der ein har trong for heildøgns pleie og omsorg. Til det siste, er det bygging av omsorgsbustader på Udlabutomta som står for tur.

Eldreomsorg er ei av dei aller viktigaste oppgåvene for Voss kommune. For å gje god eldreomsorg, må me gjera mange tiltak på same tid. Vidare er det eit av dei politikkområda lokalt der me i åra som kjem må ta viktige vegval. I den samanheng må me ta inn over oss både nasjonal og internasjonal forsking som viser at stadig fleire eldre skaper nye utfordringar for velferdskommunen. Det er ikkje sikkert svara me hadde i går, er svara for framtida. Dette handlar om heimetenester, sjukeheimsplassar, omsorgstenester ved livets slutt, om velferdsteknologi, om at fleire får demensdiagnose, einsemd i eigen heim, eldre sin mobilitet, dei pårørande si rolle, eldre sin integritet osv, osv.

Difor er de avgrensa kva ein kan få sagt om eldreomsorga gjennom eit lesarinnlegg, fordi spørsmåla er mange og problemstillingane komplekse. Eg vil heller invitera til eit ope møte i løpet av hausten om eldreomsorg. Der ønskjer eg å få informert om kva tilbod me leverer, kva utfordringar me står framfor i åra som kjem og ikkje minst få innspel om vegen vidare. Eg trur det kan vera ei konstruktiv tilnærming til eitt av dei viktigaste politikkområda i lokalpolitikken.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.