annonse

Om slakting

BORN PÅ SLAKTING
BORN PÅ SLAKTING: – Det var både godt og litt vondt å sjå reportasjen frå slakting av lam som elevane på Gullfjordingen skule fekk oppleva. Det er bra at born og unge får vita kvar maten kjem frå, meiner Hallbjørg Skjoldli Gjøstein. (Foto: Ingerid Jordal)

Det var både godt og litt vondt å sjå reportasjen frå slakting av lam som elevane på Gullfjordingen skule fekk oppleva.

Det er bra at born og unge får vita kvar maten kjem frå. Og me menneske er skapte til å eta allslags mat, også mat som kjem frå dyr.

Les reportasjen: Ein klassetur litt utanom det vanlege

I dag har mange fått stor avstand frå det meste som har med jordbruk å gjera. Det blir heller ikkje slakta så mykje heime som før. Difor ser ikkje dei fleste av oss kvar maten er komen frå. Me tek det som sjølvsagt at me skal finna mat i kjøtdisken og i butikkhyllene. Slik er det ikkje mange stader i verda. Me må verdsetja det me kan produsera sjølve her i landet. Og ta vare på matjorda vår. Det kan fort bli for seint.

Men me som driv med dyr er ikkje glad for å slakta dyra våre, men det må gjerast om me skal driva med kjøtproduksjon. Men slakting no går fort og effektivt på slakteria. Når dyreflokkane blir større blir det mindre kontakt mellom dyr og eigar. Men når eg var barn, hadde eg ikkje mange å leika med, så dyra var mine vener. Det var med stor sorg at lam og ikkje minst dei fine små kalvane vart slakta.

Slakting er ikkje moro, så eg trur heller ikkje borna tykte dette var moro. Det vart vel litt feil vinkling på det eine bilete. Men det er sjølvsagt annleis for oss som kjenner dyra og steller med dei. Det er alltid trist å kvitta seg med gamle trugne sauer og kyr. (alle slags dyr for den del).

Dette diktet som eg skreiv etter eit radioprogram eg var med på for mange år sidan, skildrar korleis eg opplevde slakting heime. Og eg trur det var fleire som kunne kjenna det på liknande måte.

Slaktetid

Ho går omkring på garden

er ven med alle dyr.

Den vesle jenta på åtte år,

Ho steller med lam og kyr.

Men i dag går ho tagal i tunet,

der det elles er røre og liv.

For i dag skal lamma slaktast,

og han far har slipt kvar den kniv.

Ho mor har funne fram bøtter

og reinvaska kjerald og trau.

Det er mykje ho lyt ha for handa

når dei skal slakta gris eller sau.

Det ligg underleg stemning i lufta,

ei slags blanding av gru og fryd.

Men ho tenkjer på dyr som let livet,

og ho gruar for kvar den lyd.

Men det verste er når dei peikar

ut dei som skal setjast på,

og kven lyt i slaktestekken,

og sin ende i kjøtdisken få.

Ho gøymer seg bort verste stunda,

er glad at ho slepp ta del.

Og ho veit desse kjensler i bringa

vil gå over etter eit bel.

Ho veit at det er slik laga,

nokon lyt livet gi.

Det er difor dei føda kan dyra,

slik det var frå den fyrste tid.

Alt liv som lever på jorda,

er lagt under menneskehand.

Godt vi steller med dyra,

og er knytt til dei med sterke band.

Hallbjørg Skjoldli Gjøstein

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.