annonse

Om trasèval for kraftlina Kjønnagard–Myrkdalen Fjellandsby

I KULTURLANDSKAPET
I KULTURLANDSKAPET: – Traseen bør gå ovanfor Ulvund og inn i Myrkdalen, meiner Anne Lise og Kåre Ulvund. Her i slåtten på Ulvund med borna Mari og Vegard. (Foto: Vidar Herre)

– Kanskje dette vil provosera fram eit aldri så lite hakeslepp hjå nokon, men me meiner altså at trasèen bør gå over Ulvund og inn Myrkdalen.

Tidleg i planleggingsfasen vart ei line frå Kjønnagard, over Vinje, gjennom Ulvund og vidare inn Myrkdalen aust for elva, lagt fram som det mest aktuelle alternativet.

Med omsyn til det gamle, verneverdige kulturlandskapet på Ulvund og det arbeidet som vert lagt ned for å ta vare på dette særprega kulturminnet, var dette eit trasèval med relativt store negative konsekvensar for mange. Det vart aldri nokon hard kamp for å endra dette framlegget.

Etter ein grei dialog med utbyggjar, Voss Energi, og dei som har noko å seia innan natur-, miljø- og kulturminne-forvaltning, vart dette framlegget forkasta. Det mest aktuelle alternativet, og det som er greitt akseptabelt for oss, gjekk då i utmarka over Ulvund, rett under Nedste Ulvundsstølen.

Voss Energi har seinare vorte pålagde av NVE å ta ein trasé gjennom Oppheimsdalen med i sin konsesjonssøknad. Slik vert hovudvalet no grovt sett om lina skal gå over Ulvund eller gjennom Oppheimsdalen.

Kanskje dette vil provosera fram eit aldri så lite hakeslepp hjå nokon, men me meiner altså at trasèen bør gå over Ulvund og inn Myrkdalen. Me har fleire gode grunnar til det og vil få nemna tre av dei:

- Det vil truleg vera det beste samfunnsøkonomiske alternativet.

- I motsetning til det som vil verta ei godt synleg (nesten dominerande i landskapet) line inn Oppheimsdalen, vil traseen over Ulvund kunna skjermast bra i terrenget. Den vil gå bakom det meste av busetnad. Det er få som vil få den «midt i fleisen».

- Lina vil hjelpa til med å generera mykje næringsutvikling i Myrkdalen og slik sett er det vel bra logikk i at Myrkdalen tek det meste av negative konsekvensar.

Når denne kraftlina er på plass, då går straumen rundt i Myrkdalen. Straumstans vil vel då verta eit ukjent omgrep her oppe.

Elles vonar me de som vil delta i debatten er varsame og omsynsfulle når de skal fremja dykkar argument. «Ver klar over det» at det er svært mange stølsområde og friluftsareal som er verdas finaste ...

Anne Lise og Kåre Ulvund

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.