annonse

Oppgradering?

PALMAFOSSEN KRAFTSTASJON
PALMAFOSSEN KRAFTSTASJON: Oppussing og modernisering av dei eldste kraftverka, som på Palmafossen, er bra. Men kanskje me skal lata nokre område stå i fred til neste generasjon, meiner lesarbrevskribentane. (Foto: Sjur Herre/Arkiv)

– Treng Voss fleire vasskraftverk? spør elevar i 10. klasse på Vossestrand barne- og ungdomsskule.

Energibruken på Voss og i Noreg generelt er høg – me er storforbrukarar av energi. Me synest det er bra at me har både kommunale og private kraftverk, nokre store og nokre små. Det er bra at private initiativ blir høyrde og tekne på alvor.

Det er mange som er interesserte i å ha eit lite kraftverk til forsyning av eit lite område. Me har høyrd mange bønder snakka om at det kan vera kjekt å produsera straumen sjølv. Små kraftverk er ofte aksjelag og dei som ivrar for dette, er ofte pensjonistar og andre sterkt interesserte. Kanskje kunne kommunen gjeve tilskot òg?

Nokre av dei eldste kraftverka treng ei oppussing og modernisering. Me kan pussa opp dei kraftverka me alt har. For det fyrste så kjem ein til å spara mykje pengar viss ein pussar opp dei gamle. Dette skjer på Palmafossen no, og det synest me er bra. Diskusjonen går høgt om Raundaslselva også skal byggjast ut. Kanskje me skal lata nokre område stå i fred til neste generasjon?

Halgeir Lilletvedt, Vetle Hommedal, Bendik Gilbakken og Odd Eirik Bratthole, elevar i 10. klasse på Vossestrand

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.