annonse

Ord er ord og språk er språk

SPRÅK
SPRÅK: «Det hjelper lite å slå opp i ordlista, og seia «Eg fann eit ord på nynorsk», så setja det inn, og tru at arbeidet er gjort. Eit språk skal utrykkja noko, og ord i ordlista skal gå inn i samanhengen. Ein opplever ikkje å fylgja lova med å gå baklengs inn i arbeidet», skriv Arne Skjerven. Han meiner me treng ein språkleg reformasjon i landet. Biletet er brukt som illustrasjon og er frå ei utstilling på Haugesenteret. (Foto: Øystein Klakegg/Arkiv)

Me treng ein språkleg reformasjon i Noreg. Då er det ikkje godt nok å telja ord i ordlistene, men å kunna uttrykkja seg munnleg og så overføra orda i listene til skrift.

Då er ordlistene verdfulle for rettskrivinga og nyansar i språket. Det er «løyndommen» i språkopplæringa, også for innvandrarar. To nye ordlister har kome dette året, ei for å hjelpa dei som er utrygge i det offentlege, og ei fyldig ordliste laga på Voss til bruk for alle.

Worldcup gjekk av stabelen i helga med skeiserenn i Nederland. Eg såg ikkje så mange stablar eller hinder på glattisen. Var det ikkje så at sesongen starta eller kom i gang i helga.

Gravferda har funne stad i det stille, ser ein titt og ofte. Er det ikkje godt nok å seia at gravferda har vore i det stille.

Altså, her er ord på ord, som ikkje seier noko vetig. Det er rett og slett tull med opphavet bokmålet som har det frå dansken, ja, jamvel frå latin som skrivemal. To andre døme, fyrst riksmålsmannen Jørgen Moe om sonen Molke, professoren og sogeskrivaren: «Min Søn Molke kom Hiem i Gaar og sagde Han var blivet Maalmand. Nuvel, Han kunde dog have blivet noget verre». Så til ein vestmannalagslem, som sa dette då han skulle kjøpa joleblomar: «Eg skulde hava haft ein jolehugnad».

Jau, her har det gått av stabelen, ja det burde heller vore avvikla i det stille. Men no ser me kor toske det er.

Då nyttar det ikkje med prat åleine, men forpliktande arbeid. Staten har ei stor oppgåve, men også herada og fylkeskommunane må leva etter lova. Det tyder i praksis at minst 25 prosent skal vera på nynorsk frå staten, og same prosenten skal gjelda for statlege tiltak medrekna høgskulane. I herada er det språkvedtaka som gjeld, og i skulen det vedtekne skulemålet og i kyrkja det vedtekne kyrkjemålet.

Fyrste bodet burde vera at at herada i utlysingstekst skriv at administrasjonsmålet er nynorsk til dømes, eller skulen har nynorsk som mål. Då skal ein skriva på vedteke mål frå herad til folk i bygda, frå herad til andre offentege etatar, i saksutgreiingar, altså i alt skriftleg tilfang. På skulen skal lærarane nytta nynorsk til foreldre og elevar, på elektronisk post, på tavla, ja i alle samanhengar.

No er det ikkje slik, diverre. Det hjelper lite å slå opp i ordlista, og seia: Eg fann eit ord på nynorsk, så setja det inn, og tru at arbeidet er gjort. Eit språk skal utrykkja noko, og ord i ordlista skal gå inn i samanhengen. Ein opplever ikkje å fylgja lova med å gå baklengs inn i arbeidet.

Det gjer ein heller ikkje i kyrkja. Me snakkar om reformasjonsjubileet i år. 500 år skal feirast. I Noreg har me lite å feira språkleg – i motsetnad til Tyskland til dømes – som fekk Bibelen prenta både på lågtysk og det ein kan kalla normalmål. I Noreg vart språkleg jamstelling vedteken midt i 1880-åra. Det einaste nynorske i kyrkja stod Ivar Aasen og Elias Blix for i omsetjingar av og frå Det nye testamentet. I det heile var det einskildmenn som fekk fram nynorsken, både i salmesong og liturgi, og til heile Bibelen kom på nynorsk. Det var i 1921 med jubilumsmesse i Nidarosdomen. Fyrst då vart reformasjonen innførd i Noreg.

No er det berre få år att til det er 100 år sidan. Då må det verta storfelt feiring i Nidarosdomen. Men då har det offentlege like mange år på seg til å gjennomføra språkleg jamstelling i samfunnet, ikkje minst i kommunale og statlege tiltak, men også i lærarutdanninga særskilt.

Eg etterlyser alvoret for bygda mi, fylket mitt og landet mitt. Då Ivar Aasen hadde omsett Det nye testamentet i 1889, sa han til Elias Blix: – Hadde me fenge ei slik umsetjing paa Reformasjonstidi, so hadde mangt vore annarleis i Norig no.

Det hadde Blix skjøna, som kom frå Nord-Noreg, brukte dialekten sin og tok inn orda frå Aasen (slik me skal gjera i nynorsk språkopplæring i dag), skreiv han songen «Fedralandet», og sa såleis om språket og landet vårt: «Og lat det som som Hagen bløma!»

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.