annonse

Ordførar Haga, modulskule og E16

– STERKE MOTSETNADER
– STERKE MOTSETNADER: – Korleis kan ein ta argumenta til ordføraren seriøst når han går inn for å senda våre små elevar med buss på den same vegen som han seier er så farleg å reisa på? spør Terje Geithus. Her ordførar Eirik Haga (t.v.) saman med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og Bård Hoksrud på synfaring etter raset på E16 ved Boge i 2015. (Foto: Ingerid Jordal)

Det er stort engasjement i Vaksdal kommune om kvar ein mellombels modulskule skal plasserast.

Fleirtalet i formannskapet og kommunestyret saman med administrasjonen går inn for å plassera denne skulen på Stanghelle, medan eit svært stort fleirtal blant foreldre og skuleborna sine familiar på Dale, Stanghelle og Vaksdal ynskjer at skulen skal liggja i to år på Dale før den vert flytta til Vaksdal dei neste to åra.

Me har ein ordførar som ivrar sterkt for at borna skal bli bussa til Stanghelle i tilsaman fire år. Same ordføraren ivrar også sterkt for at stamvegen gjennom kommunen vår skal bli ny og mykje sikrare enn den er no. Ordføraren brukar alle høve til å poengtera kor viktig det er med ny veg snarast, og han har ikkje akseptert at sentrale myndigheiter har utsett bygginga til neste periode i Norsk Transportplan. Han har vore på reise til hovudstaden fleire gongar for å fremja bodskapen som folket i Vaksdal står samla bak.

I saka om modulskule vil han likevel senda borna våre med buss på den same strekninga. I mitt hovud står dette i sterk motsetnad til argumenteringa om trong for ny E16 snarast. I aviser i haust seier han at ein må førebu seg på ein katastrofe på vegen gjennom kommunen.

Foreldra og familiane til dei små skuleborna har sjølvsagt borna sin tryggleik som første prioritet og vil ikkje akseptera at kommunen sender dei ut på denne sterkt rasfarlege og tungt trafikkerte vegen kvar skuledag i to pluss to år. Dei aksepterer ikkje avgjersla som vart tatt i formannskapet om plasseringa av modulskulen.

Som ordføraren sin protest andsynes vegstyresmaktene inne i Oslo, så protesterer folket andsynes kommunen si avgjersle og forlangar at saka vert handsama på nytt.

Det verste for ordføraren, tenkjer eg, er at han faktisk arbeider mot si eiga sak om ny E16. Korleis kan ein ta argumenta hans seriøst når han går inn for å senda våre små elevar med buss på den same vegen som han seier er så farleg å reisa på?

Og ekstremveret Aina syner at det faktist er rasfarleg på vegen frå E16 og opp til skulen på Stanghelle også. Torsdag gjekk det ras over denne vegen som vert nytta som skuleveg av mange skuleborn dagleg. Dette styrker sjølvsagt foreldra si bekymring over å senda borna sine i buss til skulen på Stanghelle.

Ein ordførar skal arbeida til det beste for innbyggjarane i kommunen. I saka om plassering av modulskule ser me dessverre det motsette ved ved at han sviktar borna og familiane deira.

Foreldre og skuleborna sine familiar kan ikkje gi seg i denne kampen mot kommunen fordi deira viktigaste oppgåve er eigne og andre sine born sin tryggleik både på skulevegen og elles i livet deira. Kommunen har enno tid til å endra vedtaket sitt for på den måten å syna at ein tek omsyn til borna og familiane deira. At ein bryr seg om borna som faktisk er kommunen si framtid.

Det andre alternativet er faktisk ein katastrofe!

Terje Geithus

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.