annonse

«Overparenting»

VINNAR KULTURPRIS
Vinnar kulturpris: – Nei, problemet er dei stadig fleire orda som vert forbodne. Eg torer ikkje koma med døme, av naturlege årsaker! Heldigvis får me nye, og commes il faut, engelske ord, skriv Steinar Bergo i denne kronikken. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det vert vanskelegare og vanskelegare å skriva. Det er ikkje fordi ein manglar noko å skriva om eller ord.

Jamvel i Bilbelen står det visst at «I opphavet var ordet ...». Luther sa «ora et labora», men no ber ein berre om «godt vêr» og meir løn.

Nei, problemet er dei stadig fleire orda som vert forbodne. Eg torer ikkje koma med døme, av naturlege årsaker! Heldigvis får me nye, og commes il faut, engelske ord.

Under eit utmerka foredrag på Senioruniversitetet på Voss for ei tid sidan lærde eg eit nytt, flott eit: «Overparenting». (Det gav assosiasjonar til Alexander Kiellands «Gift» der han skriv om x og y i matematikken som skulle visa seg å stå for eit ganske enkelt tal, t.d. 2!).

Over tyder nett det som norsk, og parent veit alle tyder «forelder» dvs. eintal av foreldre som me har hatt ei stund no, og får stadig fleire av! Dette er ein såkalla «eufemisme» av eit jækla stygt ord som tyder å skjemma bort.

Me kjende ordet alt i 1950-åra, men det var på grunn av tidene, sjeldan i bruk. Det var ei «Me»-tid der alle måtte yta det dei kunne til felles beste, og hjelpast åt i arbeid og det som me i dag kallar «fritid». Sjølv om ingen vil tilbake i tida, så hadde tidlegare tider verdiar som me med kanskje med å vera meir medvitne, kunne teke med oss vidare.

Det var bruk for små hender, og ungdommar, ein opplevde glede over fellesskapen og det å vera til nytte. Alle tok del i ei utvikling verda aldri har sett maken til! Dette gjev eldre ein relasjon som gjer at me ser kor heldige me er.

Dei som er «fødde med ei sylvskei i munnen», er litt unnskyldte, dersom dei ikkje lærer å sjå seg sjølv og verda med rette auge. Det er her foreldra kjem inn. I 1950-åra og utover fekk dei naturleg hjelp av situasjonen me var i, men etter nokre ti-år måtte ein verta førebilete, pedagog og medviten om den verda borna veks opp i.

Eg kan hugsa ei bok med tittelen: «Jeg er OK, du er OK». Legg merke til at «Eg» står fyrst! «Eg-bylja» var i gang. Den oppveksande slekta skulle få alt som foreldra hadde måtta slite for, og det heilt gratis. Ikkje rart at ein har måtta skifta ut det stygge ordet, «bortskjemd», sidan det er stigmatiserande både på born og foreldre. («FY vore»!)

Ein vart og vitne til at foreldre syntest dei hadde mist ein del ved å bruka ungdomstida til å arbeida. Det kunne vera noko rett i, men då eg på ein skuletur såg nokre ungdommeleg pynta tenåringsmødrer i lett «oppjazza» stil dansa i lag med døtrene sine, synest eg dette var litt «patetisk» (for å bruka eit truleg lovleg ord). For å skapa balanse må fort nemnast at det heilt sikkert var fedrar som ville vera unge i lag med poden; og stutar kan sikkert og gløyma at dei har vore kalv! Skiljet mellom gute- og jenteting heldt seg ei tid utover.

«Eg-bølgja» vaks seg stadig større fram mot 2000-årsskiftet. På eit skulemøte der rektorar og rådgjevarar i vårt område var samla, vart det stilt spørsmål om kvifor dei unge sleit og opplevde livet som så vanskeleg når dei hadde alt?

Svaret var i grunnen det siste: «Dei hadde/har alt.» Ei jente som sleit, kunne fortelja meg at når ho hjelpte ei venninne, så kjende ho seg betre. Det oppstår eit vakuum når ein brukar all tid på å tenkja på seg og sitt. «Det at du gleder en annan, det er den eneste glede.», skriv Øverland. «Menneskets hjerter forandres i evighet ingenlunde,» kjem frå Undset. Evolusjonen går seint, så det vil ta nokre millionar år før me kan leva uproblematisk med å vera overparenterte («bortskjemde»). Då er me kanskje byrja frå «scratch» (gammalnorsk: byrjinga) igjen ein stad mellom Eufrat og Tigris?

Eg kan hugsa ein klok dame som lenge før tusenårsskiftet sa: «Ta borna i bruk!» Ho hadde skjøna noko vesentleg for at ein tidleg skal læra å kjenna gleda over å gjera noko for nokon. Ei anna glede som ikkje heller kjem naturleg lenger, er forventningsgleda. Me er alle glade over at me slepp å spara til så mykje lenger, men den perioden me såg fram mot å nå målet for sparinga, var ein lang gledesperiode! Desse gledene vert ein del av oppsedinga i heim og samfunn på same måte som me må læra å vera fysisk aktive når me ikkje har hardt kroppsarbeid lenger.

Det fine ordet «overparenting» løyner eit endå farlegare utviklingstrekk. Ein gong i tida fekk borna beskjed om å «halda kjeft» og lyda når dei vaksne sa noko. No er situasjonen i ferd med å verta snudd om. Foreldra spring borna/dei unge sitt ærend. For mange av dei som veks opp i dag, er livet ein restaurant der dei vel «á la carte»! Kva er det me ikkje har lært dei, heime og på skulen?

Me har hatt alt frå lemenår, naturvernår, for ikkje å nemna andre år ... Ein klok mann føreslo for lenge sidan «Eit menneskeår». Det er kanskje tid for det på mange måtar! Sanningar ligg oftast midt imellom ytterpunkta. Dersom store og små, og desse seg imellom, kunne visa gjensidig menneskeleg respekt og forplikting, så trur eg det ville vera oppskrift på ei betre verd! Ansvaret for dette ligg på oss alle!

Før var eit ord eit ord, og det var forpliktande. Ein skal ikkje gå mange stega i vårt moderne «juss-velde», før ein finn døme på at ord ikkje lenger forpliktar. Men ein ser og at fy-ordet «lovar og lyg» bør finnast synonym for. Folk seier «eg kjem», men kjem viss det passar. Ved dugnader og aksjonar som er gjorde kjende i lang tid på førehand, så må folk, gjerne i god tid, plutseleg noko anna! Ungdommar som har meldt seg på noko kjekt, finn gjerne noko som den dagen, er litt kjekkare! Dersom ein skulle bruka juss på slikt, så trur eg dei kunne senda «reklamasjonen» oppover i systemet? Det er strenge lover for å mishandla born og unge. Men eg trur der blir gjort ein del skade i beste meining, som «tek livsgleda» av mange.

Med Facebook har me fått idretten sitt syn på suksess. Der er berre éin vinnar, éin modell for å vera vellukka. Idretten kan ein velja bort, men på Facebook, Twitter og Instagram må alle unge vera. Der er ikkje ein gong «den ulukkelege fjerde-plassen»!

Det å vera barn og ung har alltid hatt sine utfordringar, og 2018 er slett ikkje noko unntak. I våre dagars «EG er OK», vert det mange taparar. Den 21. mars var Verdas Downsdag. Du kor mange lukkeleg og blide andlet NRK viste denne dagen! Dei stråla livsglede, alle var verkeleg OK, både kjende det og synte andre det.

Me skulle hatt berre slike dagar!

Steinar Bergo, pensjonert lektor i Ulvik

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.