annonse

På sykkel i tunell

FOLKEDALSTUNNELEN
FOLKEDALSTUNELLEN: – Kva er skilnaden på tunellar som det er meininga ein skal sykla i, og tunellar som det er ulovleg å sykla gjennom, spør Liv Haukanes. Her Folkedalstunnelen som det er lov å sykla gjennom. – Det verkar ikkje som tryggleiken til syklisten er teke noko omsyn til. (Foto: Sigrid Seim)

På laurdag kveld rykkja politiet ut til Tunsbergtunnelen for ein turist hadde forvilla seg inn på sykkel. Er det ulovlig å sykle i tunellar?

I Hordaland frå onsdag 12.7. stod der ei lita notis om at «politiet på Voss seint laurdag kveld måtte rykkja ut til Tunsbergtunnelen i Granvin, der ein russisk turist hadde forvilla seg inn på sykkel».

Eg lurar på kva som er skilnaden på tunellar som det er meininga ein skal sykla i, og tunellar som det er ulovleg å sykla gjennom. Er einaste skilnaden at der det finst alternativ omkøyringsveg for syklisten, er det ulovleg med sykkel i tunellen? Det kan nesten sjå slik ut. Det verkar ikkje som tryggleiken til syklisten er teke noko omsyn til.

Kva er skilnaden på Tunsbergtunnelen og Folkedalstunnelen reint teknisk, t.d.? Folkedalstunnelen er del av Fv 7, som visstnok på fleire nettstader er peika ut som «anbefalt sykkelveg». Einaste mogelegheita her er å sykla gjennom tunellen, som har 80 km grense. Vi som bur ved austre tunellinngangen, får rett som det er besøk av syklistar på tilførselsvegen vår, som lurar på kvar sykkelvegen går vidare. Eit par var til og med så vitskremde med tanken på å sykla gjennom tunellen, at dei prøvde å leia syklane sine på den oppbrotne og uframkomlege gamlevegen.

Statens vegvesen tek mange merkelege og uforståelege val. Folkedalstunnelen har 80-grense, og den er einaste mogelegheita for syklistar (og gåande), medan Lussandtunnelen (som har omkøyringsmogelegheit i gamlevegen), har 60-grense. I alle fall dersom ein kjem vestfrå. Kjem ein austfrå, er derimot grensa 80.

Liv Haukanes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.