annonse

Plast for evig?

– MÅ GJERA NOKO
– MÅ GJERA NOKO: – Me druknar i plast. Me vil oppmoda alle forbrukarar til å spørja etter papir i staden for plast, skriv Victoria Lundarheim, Bjørn Ivar Lillethun og Johanne C. Dregelid. (Foto: Lesarfoto)

Heile Noreg blei sist haust veldig engasjert av Kenneth Bruvik og hans sjokkerande funn av plastavfall i magen på ein kval.

Dette resulterte i ryddeaksjonar langs kysten i fleire kommunar. Korleis står det til med plastengasjementet i innlandskommunane? Er det slik at det ikkje er plastsøppel i ein kommune som Voss? På ettersommaren vil du, når du køyrer gjennom vossabygda, sjå store kvite eller rosa eller grøne plastballar med silofôr. Innhaldet går i kua eller sauen, men kvar vert det av emballasjen? Me har rekna ut at kvar av desse ballane har ei plastmengde på seks lag som utgjer heile sytti meter. Denne plasten kan me finna att over alt i lang tid etter.

På butikken vert du tilboden plastpose kvar gong du handlar. Kvifor bruker ikkje butikkane papirposar? På dei store matvarebutikkane er det alltid tilbod om å kjøpa handlenett til fleirgongsbruk som kostar mellom 16 og 20 kr. Kva gjer butikkane for å erstatta plast med papir? Då meiner me papirhandleposar og papir innpakningspapir på matvarer.

Ifylgje Mattilsynet i ein artikkel av Georg Mathisen frå 2016 er det ikkje så mange skadelege stoff i papir. Me vil oppmoda alle forbrukarar til å spørja etter papir når dei handlar.

Me må gjera noko med dette! Me druknar i plast. Me må tenkja på dei som kjem etter oss. Dei fortener eit sunt og godt miljø å veksa opp i. Ta ansvar! Me vil ikkje ha plast for evig.

Victoria R. Lundarheim, Bjørn Ivar Lillethun og Johanne C. Dregelid

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.