annonse

Politikk eller Lotto

IKKJE EINIG
IKKJE EINIG: – Både Erna og Siv hevda i valkampen at dei fekk inn meir skatt, på trass av sin skattelettepolitikk. Dette fekk eg først ikkje til å stemma, men det er innlysande, skriv Gunnar Løkkebø. Han er ikkje einig i redaktør Geir Geitle sin politiske analyse etter Stortingsvalet. (Foto: Frode Rene)

Geir Geitle sin politiske analyse etter Stortingsvalet, kan i alle fall ikkje kallast for kritisk journalistikk.

Han skriv m.a.: «Solberg-regjeringa har meistra lågare oljepris og ein vanskeleg flyktningsituasjon på ein slik måte at dei får fornya tillit. Jonas Gahr Støre har «tilbode» auka skattar som om det skal vera løysinga på problema, utan at det var lett å få auga på store bekymringar for kva det har å seia for privat drivkraft og investeringslyst når me no skal omstilla oss etter oljealderen.»

Kva er så fasiten etter fire år med Erna i høve «privat drivkraft og investeringslyst»? Har det vore vekst i privat sektor? Nei, men staten har brukt pengar som «fulle sjømenn». Det har resultert i at dei partia som snakkar mest om kor viktig det er å få vekst i privat sektor, dei har gjort Staten mykje viktigare for økonomien enn han har vore på svært lenge. Under 8 år med raudgrøn regjering var snittet at statsbudsjettet sin del av BNP, 33 % inkludert handtering av finanskrisa. Etterpå har dette i fylje SSB sine tal auka og var i 2016 over 40 %. Det betyr altså at Erna og Siv har ført oss i ein planøkonomisk retning, der større og større del av den økonomiske aktiviteten er styrt av politiske vedtak. Held dei fram slik, så stel dei snart veljarar frå partiet Raudt.

Geitle viser også til at Solberg-regjeringa har handtert «ein vanskeleg flyktningsituasjon». Men Geitle, var det ikkje eit breitt flyktningeforlik i Stortinget, der Høgre og Ap sto på same side? Kvifor var det heile tida Jonas og ikkje Erna som måtte stillas opp mot Frp. Har journalistane gjort jobben sin med å få fram at her går det et skilje rett gjennom regjeringa? Nei, derfor er Geitle sin analyse feil.

Både Erna og Siv hevda i valkampen at dei fekk inn meir skatt, på trass av sin skattelettepolitikk. Dette fekk eg først ikkje til å stemma, men det er innlysande. Statsbudsjettet for 2017 er kr 236 milliardar større en Stoltenberg sitt siste. Når du tilfører økonomien 236 milliardar kr så er det nokon som tener desse pengane, og må betale 25 % inntektsskatt. Og i neste runde når inntekta blir brukt på varer og tenester, så skal det betalast 25 % mva. Desse to skattane utgjer til saman 40 %, og av 236 milliardar blir det over 94. At Siv då skryter av at ho har fått inn 64 av desse, er knapt imponerande. Blir ikkje dette som å spela lotto, og gle seg over smågevinstar som er langt mindre enn innsatsen?

Er det er slik «lotto politikk» som skal til for å «omstilla oss etter oljealderen », auka bruken av oljepengar for å sikra skatteinngangen? Er det det Erna ynskjer å bli hugsa for?

Gunnar Løkkebø

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.